Hopp til innhold

Her er dei nye styremedlemmene for Sjukehuset Teelmark

Per Anders Oksum og styret i Helse Sør Aust har oppnemnd nye styremedlemmer for Sjukehuset Telemark.

Per Anders Oksum.

Styreleiar Per Anders Oksum frå Porsgrunn har ikkje gjort dei store utskiftingane i styret for Sjukehuset Telemark.

Foto: Helse Sør-Øst

Tinn blir utan representant i styret for Sjukehuset Telemark. Det er Kari Dalen frå Vinje som erstattar Berit Stormoen frå Tinn i det nye sjukehusstyret.

Styret i Helse Sør Aust har i dag oppnemnt nye styremedlemmer i helseforetaka i regionen. Styreperioden gjeld formelt frå foretaksmøtet 13. februar 2014 til februar 2016.

Styreleiar Per Anders Oksum frå Porsgrunn er leiar i valkomiteen og styreleiar i Helse Sør Aust. Han seier at fem av dei noverande styremedlemmene held fram i styret.

– Det kjem inn eit nytt styremedlem. Og så reduserer vi frå sju til seks eigaroppnemnde styremedlemmer, seier Oksum.

Fleire frå Porsgrunn

'Tom Jørgensen held fram som styreleiar med Elisabeth Nilsen som nestleiar i styret. Begge bur i Porsgrunn.

Åse Himle frå Porsgrunn held fram som styremedlem. Det gjer også eks-Porsgrunnpolitikar Thorleif Fluer Vikre som no har adresse Kragerø.

Barthold Vonen

Barthold Vonen er medisinsk direktør ved Nordlandssykehuset.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

Barthold Vonen som jobbar ved Nordlandsjukehuset held også fram i styret.

– Ny i styret er Kari Dalen som er helse- og omsorgssjef i Vinje, seier Oksum.

Tinn er ikkje med i styret

Tinn er ikkje lenger representert i styret for Sjukehuset Telemark. Oksum seier at Berit Stormoen frå Tinn ønska ikkje å fortsette i styret av personlege årsaker.

– Difor har vi sett etter ein totalkabal som kan bringe sjukehuset vidare, seier Oksum.

Han seier at dei som sit i styret skal representere heile fylket, og skal ikkje sitte der som representantar for særinteresser.

– Vi hadde ønska at Berit Stormoen skulle fortsette, seier Oksum.

Styret måtte difor sjå seg om etter ein annan kandidat, og landa på Kari Dalen frå Vinje for å få med kompetansen hennar.

– Dalen arbeider i Vinje kommune og har med seg kommunehelseperspektivet inn i styret, seier Oksum.