Vil slå saman ambulansen i Tokke og Vinje.
Innbyggarane i Tokke meiner dette vil føre til at ambulansetenesta blir lagt til Åmot i Vinje. Det vil føre til ein køyreveg på fem mil for enkelte innbyggarar.
Anne Fles som bur i Tokke meiner dette er uforsvarleg. Ho stolar ikkje på Sjukehuset Telemark, som har forsikra at tilbodet ikkje vil bli dårlegare.
- Vi kjenner oss utrygge dersom ambulansen blir stasjonert i Åmot. Det er fem mil frå Åmot i Vinje til Bandaksli i Tokke. Det er nøydt til å bli verre med dei avstandane vi har i Tokke, seier Fles.
Ho viser til at det er ei responstid på 12 minuttar i byane, og 25 minuttar i distrikta.
- Eg lurar på om klinikksjefen ved sjukehuset har vore her oppe i distriktet og sett på vegane. Etter mi meining er vi nøydt til å ha ein ambulanse i kvar kommune, seier Fles.