Hopp til innhold

Vil avlive kattar

Larvik kommune vil avlive umerka kattar på Omrestranda.

Tom og eier Bjørn Kristoffersen
Foto: Åsmund Hasli / NRK

Hytteeigarar i Nevlunghavn meiner kattane er ei plage, fordi dei grisar til friområde og hagar.

Kattane har vore eit problem i lang tid, men har toppa seg etter at bestanden har vokse frå 20 til 40 kattar det siste året, skriv Østlands-posten.

Miljøverninspektør, Hans Christian Nygaard oppmodar katteigarane i området til å merke katten sin for å unngå at dei blir avliva.

 

Dyrebeskyttelsen ser heller ingen annan utveg enn å avlive kattane på Omrestranda.

- Dersom ikkje folk ønskjer å ta seg av kattane er avliving einaste utvegen, seier Thone Andersen som er nestleiar i Dyrebeskyttelsen Sandefjord/Larvik.

 

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark