Hopp til innhold

Unike dokument viser Larviks danske hemmelegheit

For første gong har dei over 200 år gamle protekollane kome til Noreg. Dokumenta fortel om ein bortgøymd del av norsk historie.

Hemmeleg traktat frå 1814

HEMMELEG: Da avtala mellom den svenske og danske kongen blei signert i 1814 var den merkt som hemmeleg. Tittelen på dokumentet er «Anden separate og hemmelige Artikel".

Foto: Robert Hansen / NRK

I store glasmonter ligg protokollane. Dei er henta frå det danske riksarkivet og blir stilt ut i Larvik.

Protokollane har aldri vore i Noreg før.

For det utrente auge ser dei ut som vanlege bøker, men for dei få som kjenner innhaldet fortel protokollane om ein unik del av norsk historie.

For eit av dokumenta skildrar ei spesiell avtale mellom kongar da Noreg skifta frå dansk til svensk eigarskap i 1814.

Danske Larvik

– Dette dokumentet er det nesten ingen som veit om, seier konservator ved Vestfoldmuseene Aina Aske.

Traktaten ho siktar til er skrive i samband med fredsavtala mellom den svenske og danske kongen i 1814. Danmark hadde vore på den tapande sida under Napoleonskrigane, og som ein del av fredsavtala blei Noreg gjeve som krigsutbytte til Sverige.

Denne avtala er kjend som Kielfreden, og førte til at Noreg hamna i ein union med Sverige. Men traktatane som no står utstilt på museet viser at slett ikkje heile Noreg blei gjeve til Sverige.

– Det viser at Larvik var dansk i tre år etter at Noreg blei gjeve til Sverige, seier Aske.

Aina Aske, avdelingsdirektør ved Larvik museum

Aina Aske er konservator i Vestfoldmuseene. Ho er prosjektleiar for utstillinga med dei unike dokumenta i Larvik.

Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRK

Uroleg tid

For i eit eige hemmeleg dokument har kongane kome fram til at grevskapet Larvik framleis skal høyre til den danske kongen.

Fram til 1817 levde difor folk i Larvik under dansk styre, mens resten av landet var i union med Sverige.

Aske seier Larviks danske historie skil seg ut i verdshistoria. Ho peiker på at det førebels er gjort få undersøkingar rundt denne spesielle avtala.

– Men me veit at det var ei usikker tid for innbyggjarane. Det var jo ei uroleg tid i heile landet, så situasjonen blei jo meir usikker i Larvik, seier Aske.

I lokalavisene kunne ein lese at det var særleg uro i det lokale næringslivet. Det blei ein maktkamp om kven som skulle eige og drive hjørnesteinsbedrifter i byen.

– Det var jo ei kontroversiell sak også utanfor Larvik. Saka blei diskutert på Eidsvoll under arbeidet med grunnloven, men blei etter kvart feia under teppet av den danske prinsen Christian Fredrik, som hadde stilt seg bak det norske opprøret.

Grevskap og grevlingar

Etter tre år med dansk uro i Larvik, følgde byen til slutt resten av Noreg inn i union med Sverige.

Det skjedde ved at fire lokale kjøpmenn i Larvik gjekk saman og kjøpte grevskapet frå Danmark. Men heller ikkje det var slutten på dramatikken i byen. Dei fire kjøparane fekk raskt økonomiske problem etter det gigantiske kjøpet.

Dei hadde ikkje mykje støtte i lokalsamfunnet heller.

Portrett av Prost Johan Fredrik Sartz, maleri av Peter Petersen. Tilhører larvik Museums samlinger.

Prost Johan Fredrik Sartz var ein av dei som kjøpte Larvik frå Danskane i 1817. Bilete er malt av Peter Petersen og høyrer til Larvik Museum.

Foto: Wolday, Mekonnen

– Folk mora seg på deira kostnad. På folkemunne blei dei kalla for grevlingane, eit namn som framleis heng igjen i lokalhistoria i Larvik.

I dag er nok det sterkaste bandet mellom Larvik og Danmark ferja som går mellom byen og Hirtshals. På museet gler dei seg til å vise fram dokumenta med den underlege historia.

– Me har jobba eitt år for å få låne desse protokollane frå Danmark. Dette er dokument som er viktige å ta vare på for ettertida, seier rådgjevar ved Vestfoldmuseene Gro Stalsberg.

Utstillinga opnar laurdag 26. juni. Under kan du lese ein oversett versjon av dokumentet.