Rovviltkontakt i Statens naturoppsyn, Øyvind Fosse har aldri hatt så høge tal i sitt område, men trur likevel skadeomfanget er enda større.
– Det er i ferd med å bli veldig mange. Og eg har også fått melding ein del sau som er skada i området, seier Fosse.
Telemark er ikkje det einaste fylket som er plaga med at ulven drep sau og lam. I Hedmark og Oppland er det nær rekord i rovdyrskader. Og i Trøndelag opplever sauebøndene at rovdyrsituasjonen er ute av kontroll. Sauebøndene i Sogn og Fjordane fryktar ulven kjem dit raskt.
Fann ny død sau
Rovviltkontakt Øyvind Fosse meiner at talet på sau og lam som er drepne av ulven i Telemark er mykje høgare enn det som er registrert.
– Eg har aldri vore borti eit slikt skadeomfang i mitt område. Dette er spesielt i Telemark, seier Fosse.
Måndag kveld blei nok ein død sau funne i Hjartdal. Rovviltkontakt i Statens naturoppsyn, Øyvind Fosse seier at kadaveret var ferskt og han trur sauen er drepen same kvelden.
(Artikkelen held fram under biletet)
Ulvejegerar er varsla
No fryktar han at ulven kan ta fleire sauer dei næraste dagane.
– Det kan bli ein del nye døde sauer framover, så det ser ikkje så bra ut for sauen i området.
Fosse har teke kontakt med ulvejegerane i området måndag kveld.
– Eg går ut i frå at det har vore ein del mannskap ute og sett etter ulven i natt, seier Fosse.
Han har ikkje fått noko tilbakemelding, men reknar med at jegerane er ute i området der det er gitt løyve til å skadefelle ulven.
Fem døde sauer fredag
Fredag før helga blei det funne fem sauekadaver mellom Tuddal og Hjartdal som ulven hadde drept. Då var talet på drepne sau kome opp i 18 sauer.
Rovviltkontakt i Statens Naturoppsyn, Øyvind Fosse, trur det kan vere snakk om den same ulven som også blei observert i Vrådal tidlegare.
– Det er mogleg. For ingen av dei drepne sauene som blei funne fredag var heilt ferske, seier Fosse.
Det er rovviltkontakten si oppgåve å konstatere om ein sau er drepen av ein ulv eller eit anna rovdyr. Dei døde sauene har ikkje så store skader utvendig.
– Eg må flå dyra for å sjå kor skada dei er blitt av ulven, seier Fosse.