Hopp til innhold

Tog køyrde på fleire gjenstandar – lagt der med vilje

Bane Nor melde hendinga til politiet etter at eit tog køyrde på gjenstandar langs Vestfoldbanen. Politiet ønskjer å komme i kontakt med eventuelle vitne.

Politiet undersøker omstendighetene etter at et tog tirsdag kveld kjørte på gjenstander som var lagt på jernbanelinja ved Elveveien mellom Larvik og Sandefjord.

HUNDEPATRULJE SØKER: Ein hundepatrulje frå politiet leitar etter gjerningsperson, etter at eit tog køyrde over gjenstandar som vart lagt på jernbanelinja ved Elveveien mellom Larvik og Sandefjord.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

Tysdag kveld blei det meldt om at eit tog skal ha køyrt på nokre gjenstandar på jernbanelinja ved Elveveien i Larvik.

Bane Nor vel å melde hendinga til politiet der gjenstandar hadde vorte plasserte på jernbanelinja på Vestfoldbanen.

Pressevakt i Bane Nor Harry Korslund seier gjenstandar plassert til hinder for sporet i verste fall kan føre til togavsporing.

– Me ønskjer å få folk til å forstå kor alvorleg det her er og kva konsekvensar som fort kan oppstå viss slike ting gjentek seg.

Høyrde smell under toget

Bane Nor fekk melding om at toget hadde køyrt på eit eller anna som forårsaka eit smell under toget.

– Då beordra me redusert køyrehastigheit i det aktuelle området. Og så blei det ganske raskt avdekt at det låg fleire større gjenstandar i sporet, seier pressevakt Harry Korslund i Bane Nor til NRK.

Blant anna skal dei ha oppdaga betongblokker med noko armeringsjern og eit brannsløkkingsapparat.

Politiet blei kalla ut for å undersøke staden med tanke på å finne gjerningspersonen.

Politiet undersøker jernbanespor etter at tog kjørte på gjenstander på Vestfoldbanen.

Politiet trur gjenstandane er lagt på jernbanesporet med vilje.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

– Gjenstandane er lagde der med vilje

– Toget bråbremsa midt på brua. Ei betongblokk med armeringsjern hadde kilt seg under toget. Dei fekk han laus med ein spett, seier journalist i NRK Mette Stensholt Schau, som var passasjer på toget.

Eit brannsløkkingsapparat skal ha sete fast under toget. Dei fekk han laus ved å rygge toget litt tilbake.

Brannslukkingsapparatet som låg i jernbanesporet på Vestfoldbanen tirsdag kveld.

Toget køyrde blant anna over dette brannsløkkingsapparatet, som blei sittande fast under toget.

Foto: Mette Stensholt Schau / NRK

Vestfoldbanen var stengd mellom Larvik og Sandefjord ein periode, men togtrafikken er i gang igjen no.

Dei første toga vil køyre med redusert fart.

– Viss det skulle liggje noko meir vil det vere mogleg å stanse toga. Det er eit ekstra tryggleikstiltak før me har konstatert at det ikkje ligg meir der, seier pressevakta i Bane Nor.

Gjenstandar med ein storleik og tyngde representerer ein risiko for alvorlege hendingar, seier Korslund.

– Me snakkar om gjenstandar som, viss dei blir treft på feil måte, kan forårsake alvorlege ulukker og har stort potensial for stort skadeomfang, fortel han.

Jernbanelinja der toget køyrde på gjenstandar.

Betongen toget køyrde i ligg langs skjenene.

Foto: Mette Stensholt Schau / NRK

Ein person med hovudlykt i området

Ifølgje Korslund observerte togføraren ein person med hovudlykt i området.

Fleire patruljar har undersøkt området med tanke på å finne gjerningsmann, skreiv Sør-aust politidistrikt på Twitter tysdag kveld.

Ingen personar skal vere skadde.

Politiet er framleis på staden og leitar med hundepatrulje etter gjerningspersonen. Dei ønskjer å komme i kontakt med eventuelle vitne.

– Det herskar ingen tvil om at gjenstandane er lagd der med vilje. Det er også snakk om ei steinhelle, skriv operasjonsleiaren.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark