Hopp til innhold

Tiltalt for å hjelpe mora til sjølvmord: – Eg spurte om det var dette ho ville

Ein mann i 40-åra er tiltalt for å ha medverka til at mora tok sitt eige liv. I retten nekta han straffskuld, men han innrømmer å ha gjeve ho tablettane.

Rettsal Notodden

Rettssaka starta på Notodden måndag.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Saka starta Telemark tingrett måndag. Sonen forklarte at han hjelpte mora med å ta tablettar. Han forstod også at dosen ville vere dødeleg.

– Eg spurte om det var dette ho ville. Da svarte ho at det blir no, forklarte den tiltalte sonen i retten.

Ifølgje tiltalen hjelpte sonen mora med å finne fram tablettar i desember 2019. Seinare på kvelden stoppa han ein hjelpepleiar som kom på rutinekontroll.

Da han forlét bustaden, skreiv han lappar på ringeklokka.

«Mamma kviler stopp»

«Mamma sovna akkurat»

Dermed venta helsepersonell som kom for å hjelpe kvinna, med å gå inn til ho.

Spesiell sak

Sonen risikerer i utgangspunktet fengsel i 8 til 21 år.

Under rettssaka poengterte statsadvokat Petter Sødal at det blir viktig å sjå på i kva grad sonen forstod at mora ville ta tablettane, og døy av det.

Sødal seier til NRK at liknande saker har hatt ei strafferamme som ligg lågare enn åtte år. Sidan 2000 har det vore følgjande liknande saker ved norske domstolar:

  • 2000 i Salten heradsrett: ein 21 år gammal mann blei dømd til to års fengsel.
  • 2010 i Nordre Vestfold tingrett: ei 55 år gammal kvinne blei dømd til eitt års fengsel.
  • 2011 i Stavanger tingrett: to menn blei dømde til to års fengsel.
  • 2015 i Søre Sunnmøre tingrett: ei 22 år gammal kvinne blei dømd til samfunnsstraff i 45 timar.

Alle desse personane hjelpte ein annan person med å ta sitt eige liv.

Statsadvokat Petter Sødal ønska ikkje å kommentere om det er formildande eller skjerpande omstende i denne saka.

Petter Sødal

Petter Sødal er statsadvokat.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Reiste frå mora

Kvinna var alvorleg sjuk. Ho hadde fått medisinar av legen.

Ifølgje tiltalen bad mora om hjelp med å ta ein overdose.

Sonen, som er i 40-åra, reiste frå bustaden etter at ho hadde teke tablettane. Da var ho medvitslaus.

Klokka 09.30 dagen etter fann ein hjelpepleiar mora medvitslaus. Nokre timar seinare døydde ho på sjukehuset.

Sonen har innrømt at han hjelpte mora med å samle opp store mengder medisinar. Han la dei på ei skål, og mora tok mesteparten av dette.

Mannen erkjenner ikkje straffskuld.

- Slik han ser det så har han ikkje gjort noko moralsk gale, seier forsvarsadvokat Borgar Veiding

Borgar Veiding

Borgar Veiding er advokaten til sonen som hjelpte mora med å ta sitt eige liv.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Eit dilemma

Veiding seier klienten hans og politiet er ganske einige om kva som skjedde den aktuelle kvelden og natta i 2019.

– Dette er og har vore ein belastning for han, det han har vore gjennom.

Veiding meiner dette er eit område i livet som er fullt av dilemma.

– Skal eg hjelpe til på slutten av livet, eller ikkje? Det er ulikt syn på dette, seier advokaten.

Han trur dilemmaet kjem til å påverke straffa.

Det er sett av to dagar til saka i retten.