Den 20. mai skal styret handsame den største og truleg og den mest omstridd politiske saka i Telemark på mange år. Både fylkesmannen i Telemark og fleire politiske miljø ber om at saka blir utsett, men to veker før det avgjerande styremøtet slår styreleiaren fast at det ikkje er aktuelt å vente.
– Eg reknar ikkje med at administrasjonen legg fram eit utsetjingsframlegg, seier styreleiar Tom Jørgensen.
Etter det NRK Telemark kjenner til tyder det at både toppleiinga i Helse Sør Aust, administrasjonen ved Sjukehuset Telemark og styreleiar Tom Jørgensen vil avgjere saka no.
Les også:
Akuttfunksjonar kan ryke
Tidlegare har leiinga ved Sjukehuset Telemark gjort framlegg om å legge ned akuttfunksjonane ved sjukehusa på Rjukan og i Kragerø. Leiinga vil og flytte den
somatiske verksemda frå Porsgrunn til Skien, og den Distriktspsykiatriske sengeposten i Seljord frå Seljord til Notodden.
Det endelege framlegget frå direktør Bess Frøyshov kjem tirsdag den 13. mai, og då får vi vite om den omfattande høyringsprosessen og protestane frå Kragerø, Seljord og Tinn får sjukehusdirektøren til å endre framlegget.
– Prosessen fram mot styremøtet den 20. mai har i hovudsak vore ryddig, meiner styreleiar Tom Jørgensen.
– Styret må bygge på dei politiske signala som kjem frå regjeringa og frå Helse Sør Aust. Då blir det vanskeleg å gjere alle til lags. Likevel. Eg trur på ei løysing som samla sett gjev folk i Telemark det beste sjukehustilbodet.
Tillitsvalde på rundreise
I tillegg til Tom Jørgensen tel styret ni medlemer. Fire er valde av dei tilsette, og denne veka er tilsetterepresentantane Ellen Årøen, Ann Iserid Vik-Johansen, Thor Helge Gundersen og Thor Severinsen på rundreise for å møte dei tilsette ved avdelingane i Kragerø, Seljord, Notodden. Rjukan, Skien og Porsgrunn.
Thor Severinsen, som representerer legane, er usikker på om dei tilsette vil røyste som blokk når saka kjem opp den 20. mai.
– Kvar og ein må gjere sine eigne vurderingar, seier Severinsen.
Styremøtet den 20. mai blir sendt direkte på våre nettsider NRK.no/Telemark frå klokka 0930.