Hopp til innhold

Veni er ein ressurs

NHO vil ha fleire innvandrarar i jobb.

Veni Mwenda

Veni Mwenda har meir utdanning enn mange nordmenn.

Foto: Geir Åge Jensen / NRK

Har du eit, med nokre augo, rart namn og attpåtil er mørkare i huda enn nordmenn flest, har du små sjansar til å få ein leiarjobb.

Samstundes er det mange innvandrarar som har solid høgskule- og universitetsutdanning.

NHO, Næringslivets Hovedorganisasjon, lagar no kurs slik at solid utdanna innvandrarar skal auke sine sjansar til å få ein jobb dei er kvalifiserte for.

Har mastergrad i økonomi

Veneranda «Veni» Mwenda er opprinneleg frå Tanzania. No bur ho i Bø i Telemark der ho jobbar på sentralbordet i kommunen.

– Eg har familien min her i Bø. Det er eit kjempebra sted å bu, seier ho. Mwenda har ein mastergrad i økonomi frå Bulgaria. Ho har også studera informatikk og administrasjon ved Høgskolen i Telemark og har IT-utdanning frå England.

Universitets- og høgskuleutdanna innvandrar blir no kursa for å lære meir om kva som skal til for å få ein jobb som stemmer med den kompetansen dei faktisk har.

Blir lagt til side

Kerstin Laue i NHO Telemark er prosjektleiar, og ho seier at dette er verdifull arbeidskraft som ikkje blir oppdaga.

– Global Future er eit program for dei som gjerne har ein bacherlorgrad eller ein mastergrad, men som ikkje kjem inn i relevante stillingar fordi dei er frå utlandet, fortel ho.

– Når det er mange kvalifiserte søkjarar, er det ofte dei med utanlandske namn som blir lagt til side, meiner Laue. – Sjølv om det kanskje er dei som er best kvalifiserte.

NHO direktør John G Bernander seier at det å kvalifisere innvandrar for styreverv og toppjobbar, er ein vinn-vinn situasjon for samfunnet.

– Dette er menneske som har kompetanse. Vi gir dei eit nettverk, påfyll og sjølvtillit. Dessuten knytter vi dei opp mot våre eigne bedriftar.

(Artikkelen fortset under biletet)

Kerstin Laue og John G. Bernander

Kerstin Laue og John G. Bernander i NHO har stor tru på å kurse innvandrarar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Ikkje rasisme

Agderfylka var først ute med eit pilotprosjekt, men så har NHO vidareutvikla kursopplegget til det det er i dag.– Innan 2011 skal opplegget ut til det meste av landet, fortel Bernander.

– Innvandrarar har ofte blitt sett på som eit sosialt problem. Vi vil se på kompetanse og vilje i denne arbeidskrafta.

– Eg trur ikkje det handlar om rasisme, seier Veni Mwenda

Og etter at kurset er ferdig, håpar Mwenda at drømmejobben dukkar opp. – Eg vil jobba med IT, avsluttar ho.