Hopp til innhold

Melder ulvejakt i Nome til politiet

Norges Miljøvernforbund har meldt Statens naturoppsyn og to ulvejegerar til politiet.

Ulv skutt i Nome

Denne ulven blei skoten i Nome. No får jegerane kritikk for jakta.

Foto: Anne Lognivk / NRK

Forbundet melder jegerane for å ha avløyst skot på for langt hald, og SNO for ikkje å ha gjort jobben sin.

Jakta blir meldt etter at det blei kjent at tre jegerar løyste til saman 8 skot mot ulven som blei skoten i Nome i vinter.

Tidlegare har Aksjonen Rovviltets Røst varsla at dei vil melde jakta til politiet.

Kan bli etterforska av andre

Olav Lia

Olav Lia, miljøkoordinator ved Telemark politidistrikt.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Politiet i Telemark vurderer no om eit settepolitikammer skal overta sakene der Norges Miljøvernorganisasjon og Aksjonen Rovdyrenes Røst, melder ulvejakta i Nome.

Grunnen er at miljøkoordinator Olav Lia ved Telemark politikammer er ein av dei som er melde.

I tillegg til Olav Lia er Espen Marker i Statens naturoppsyn og to ulvejegerar melde til politiet.

Olav Lia reknar med at politiet tar stilling til saka i nær framtid.

Kritiserer ulvejakta

Arnodd Håpnes, Naturvernforbundet

Arnodd Håpnes, Norges Naturvernforbund.

Foto: Elin Martinsen / NRK

Fagleiar Arnodd Håpnes i Norges naturvernforbund forstår at to konkurrerande miljøorganisasjonar melder jakta til politiet.

– Det som har skjedd er kritikkverdig, seier Håpnes.

Han meiner det er mogleg dette er ei grov skadeskyting på langt hald, og så blir det masse skyting etter det.

– Det føyer seg inn i ei lang rekkje med skadeskyting av ulv i Noreg. Og det viser seg at fingeren sit laust på avtrekkaren til alt for mange jegerar når det gjeld å gå på jakt og skyte etter rovdyr, seier Håpnes.

Mange erfarne jegerar

Talsperson for ulvejegerane i Nome, Ole Terje Sannes, seier han er trygg på at jakta har følgd retningslinene styresmaktene har sett.

I kveld arrangerer jegerane eit oppsummeringsmøte for alle som har delteke i ulvejakta.

– Vi har eigentleg vore på ei heilt vanleg jakt og alle dei som har vore med har vore mykje på jakt tidlegare, seier Sannes.

Han meiner det er erfarne jegerar som har vore med på ulvejakta og at det har vore ei normal jakt.