Før helga fekk museet 660.000 kroner av Kulturdepartemenet, og nå ventar museet på svar på søknaden til Telemark Utviklingsfond.
Prosjektet er rekna ut til å koste 6 millionar kroner, og har også fått støtte av DnB og Statkraft.
Les meir om aktivitetsparken her:
Aktivitet for barn og unge
Vest-Telemark Museum har søkt om 533.000 kroner av Telemark Utviklingsfond, og svaret på søknaden får museet på tysdag.
– Desse pengane vil kome veldig godt med. No er vi heilt i innspurten når det gjeld å få finansiert dette flotte prosjektet, seier direktør Dag Rorgemoen ved Vest-Telemark Museum.
Parken skal bli eit utandørs aktivitetsområdet der barn og unge kan leike seg inn i historia.
Kan starte bygginga
Vest-Telemark Museum har også fått to millionar kroner frå Sparebankstiftinga DnB og 600.000 kroner frå Statkraft.
Rorgemoen seier møtet i Telemark Utviklingsfond tysdag blir viktig, fordi dette er den siste søknaden dei ventar svar på.
– Får museet ja på denne søknaden av Telemark Utviklingsfond er vi heilt i mål, og kan starte med bygginga, seier Rorgemoen.
Han meiner det er viktig å få på plass finansieringa for å kunne bygge noko som har kvalitet og kan vare i mange år.
Vest-Telemark Museum har alt sendt søknad om å få bygge parken.
– Målet er å opne 1. juni neste år. Men for å kunne få til det på ein god måte, må vi ha sommaren til å bygge prosjektet, seier Rorgemoen.