Hopp til innhold

Hytta er innreidd med berre gjenbruk: – Livet er ei kontinuerleg skattejakt

På eit vilkår fekk Knut Bergan lov til å rive den gamle hytta for å setje opp ein ny. No er det nye hytteparadiset deira fylt opp med gjenbruk.

Gjenbrukshytte

GJENBRUK: Ekteparet Bergan frå Tønsberg har fylt opp heile hytta i Bamble med berre gjenbruk.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

– Det einaste som er nytt i denne hytta er kaffien, seier Sissel Bergan.

Då dei kjøpte den opphavlege hytta i Bamble ved breidda til innsjøen Toke, var den så gammal og slite at det flaug svalar gjennom dei ròtne veggane. Knut Bergan fekk lov av kona til å byggje ei ny hytte på eit vilkår;

Alt inne i hytta skulle vere gjenbruk.

Gjenbrukshytta til Sissel og Knut Bergan

SOFA FRÅ 2004: Ekteparet Bergan seier sofaen frå 2004 er god som ny. Ifølgje Knut var den nesten ubrukt då han vart kjøpt for ein billig penge.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Fekk jobb i bruktbutikk

Knut tok beskjeden frå kona på alvor.

Alt frå sofa, senger, koppar, servise, bilete og pynt er gjenbruk. Vindauga er kjøpte brukte, og gjerdet ute er laga av gamle sengebotnar.

Gjenbruk spisestue

MATSTOVE: Matstova fekk nye fargar med eit strøk måling.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Det einaste som står igjen frå den gamle hytta, er peisen og pipa, fortel ekteparet.

Knut var så mykje i den lokale bruktbutikken at han til slutt fekk eit jobbtilbod som butikkleiar i NMS Gjenbruk i Tønsberg.

I den nye jobben har han fått sjå kor mykje folk vil kvitte seg med.

– Vi kastar altfor mykje, og vi kastar for mykje kvalitetsting. Det er kanskje det verste, fortel Knut.

Ekteparet deler interessa for gjenbruk, og dei har kosa seg med å finne møblar til å fylle opp hytta i Bamble med.

Gjenbrukshytta

RAUDT: Ekteparet Bergan deler interessa for gjenbruk. Det raude bordet er det einaste møbelet som står igjen frå den gamle hytta.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Sissel seier det å kunne bruke noko andre vil kvitte seg med, betyr mykje for henne.

Knut trur dei har vore innom i alle bruktbutikkane som finst i Vestfold og Telemark. Dei går sjeldan ut døra tomhendt.

– Livet er ei kontinuerleg skattejakt, seier Sissel.

Gjenbruk over tid

Tor Arnesen er forskar, sivilingeniør og filosof i Austlandsforsking ved Høyskolen i Innlandet. Han har forska på forholdet nordmenn har til hytter og fritidsbustader i mange år, og går med det under tittelen hytteforskar.

Forsker Tor Arnesen ved Høgskulen i Innlandet; Østlandsforskning

HYTTEFORSKAR: Tor Arnesen går under tittelen hytteforskar.

Foto: Privat

Ifølgje Arnesen har om lag ein firedel av norske hushald hytte. Opp gjennom åra har forholdet mellom hytta og gjenbruk forandra seg.

– Går ein rett etter krigen så var det forbode å bruke nye materiale til å byggje ny hytte. Det vart først tillate på byrjinga av 60-talet. Så hadde ein ein periode der hytta vart eit eige prosjekt der ein kjøpte noko nytt og brukte gamle materiale til å setje opp ein enkel bygning.

– No er jo situasjonen ein heilt annan. Det som blir bygd er på linje med bustader, fortel Arnesen.

Gjenbrukshytte soverom

NY STANDARD: Ifølgje Tor Arnesen er dagens hytter etter standard på lik linje som hus.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Forskaren påpeikar at hushalda med fritidsbustad har dobbelt opp av ting, både til heimen og til fritidsbustaden – noko han trur kan føre til meir gjenbruk.

I sofaen frå 2004

På hytta i Bamble seier ekteparet Bergan at gjenbruk er viktig både for miljøet og eige samvit.

Gjenbrukshytta

PEISEN: Det einaste som står igjen etter den gamle hytta, er peisen og pipa. Den nye hytta er bygd på grunnmuren til den gamle.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

– Vi sparar verda frå å kaste ting som er godt brukbare. Det er så mykje fint og solide godt bygde varer som vi får gle av, seier Knut.

Også hytteforskar Arnesen lèt seg imponere av ekteparet Bergan og gjenbrukshytta deira.

– Det er jo aldeles glimrande, seier han.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark