Hopp til innhold

Hjellevatnet har stige ein meter

Hjellevatnet i Skien har stige til ein meter over normal vasstand. Skien kommune melder at det kan vere fare for vatn i kjellarar langs Skiensvassdraget.

Victoria ved Hjellebrygga

Det er ikkje mange centimeter igjen før vatnet fløymer inn over Hjellbrygga der Victoria ligg fortøyd.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

På grunn av flaumen har vasstanden i Hjellevannet stige til meir enn 6,15 moh.

Det er om lag ein meter over normal vasstand på 5,0 - 5,2 moh. Vatnet har steget meir enn 30 cm sidan onsdag, seier Gunnar Mosevoll, einingsleiar for vassforsyning og avløp i Skien kommune.

Det er fare for at vasstanden vil auke ytterlegare dei næraste dagane.
Vasstanden i Meierelva og i Norsjø har også stige.

Må sikre ting i kjellar

Bustader på Bakken med lågtliggjande kjellarar kan derfor få vatn inn i kjellarane.

Skien kommune ber eigarar av slike bustader om å følgje med å forholda i kjellaren, og fjerne eller sikre gjenstandar som kan bli skada av vatnet.

Dette gjeld også lågtliggjande bustader på Tangen på Skotfoss og Nedre Bæra ved Grøtsund, seier Mosevoll.

På grunn av vatnet stig i Norsjø kan også noen bustader langs nedre del av Løveidvegen vere utsett.

Her er ein oversikt over mest utsette områda:

Bakken:

  • Strandgata
  • Området rundet krysset mellom Søndre Falkumveg, Oscars gate og Blekebakkvegen

Skotfoss og Grøtsund:

  • Nedre Bæra
  • Tangen
  • Nedre del av Løveidvegen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Notodden flyplass oversvømt

Notodden flyplass har vore stengt på grunn av flaum. Men kan opne igjen på måndag.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Vasstanden vil gå ned i helga

NVE melder at vassføringa i Skiensvassdraget nå er over nivået for normal vårflaum. Vasstanden har auka det siste døgn i Norsjø og Heddalsvatn.

I Tinnsjøen er vasstanden torsdag morgon omkring 191,6 moh., det er omkring 10 cm lågare enn i går og ca. 30 cm lågare enn ved kulminasjon tidlegare i veka (ca. 191,9 moh.).

I Heddalsvatn er vasstanden torsdag morgon ca. 17,85 moh, her er det venta at vasstanden vil kulminere i løpet av torsdag 23. mai, med i underkant av 18 moh.

I Norsjø er vasstanden torsdag morgon ca. 16,4 moh, her ventast vasstanden å kulminere i løpet av fredag med ca. 16,5 moh.

Tusen kubikk i sekundet

I andre innsjøar i vassdraget har vasstanden vore stabil eller den har gått noe ned siste døgn.

Det er ikkje venta ny stigning i vasstanden av betydning i desse innsjøane dei neste dagane.

Vassføringa i Skienselva ut av Norsjø er torsdag morgon ca. 1000 kubikkmeter i sekundet.

Dette er det same som onsdag, vassføringa vil sannsynlegvis halde seg på dette nivået også fredag, og vil deretter gradvis bli mindre.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark