Hopp til innhold

Høgre garanterer for full utbygging av Intercity i ei borgarleg regjering

Høgre vil garantere for full utbygging av jernbanen i Intercity-trianglet mellom Skien-Lillehammer og Halden i ei borgarleg regjering.

Torbjørn Røe Isaksen

Torbjørn Røe Isaksen lovar full utbygging av Intercity med Høgre i regjering.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Eg har sagt at vi skal planlegge og bygge ut full Intercity, seier Torbjørn Røe Isaksen, Høgres stortingsrepresentant for Telemark.

Torbjørn Røe Isaksen garanterer at eit Høgre i regjering vil gå inn for full utbygging av jernbanen i Intercity triangelet mellom Skien - Lillehammer og Halden.

Ta presset frå Oslo

Torbjørn Røe Isaksen

Stortingsrepresentant Torbjørn Røe Isaksen frå Telemark Høgre.

Foto: Varfjell, Fredrik / Scanpix

Han meiner full utbygging av jernbanen med dobbeltspor blir viktig for at regionen skal bli attraktiv for næringsliv og busetjing dei neste 20 til 40 år.

– Intercity er heilt avgjerande. Og det er veldig kortsiktig viss ein ikkje planlegg for full utbygging til Skien, seier Røe Isaksen.

Han meiner det er kortisiktig fordi ein då misser sjansen til ein gong i framtida å koble saman Sørlandsbanen og Vestfoldbanen.

– Men også fordi Grenland er nøyd til å ta av for noko av det presset som kjem rundt Oslogryta, seier Røe Isaksen.

Utbygging for framtida

Ei full Intercity utbygging vil ikkje vere for dei neste 8-10 år, men det er eit samferdsleløft for dei neste 20 til 40 åra.

– Det er viktig å ha det perspektivet, meiner Høgrepolitikaren.

Sentralt i Høgre vil dei ha full utbygging innan 2030, men Telemark Høgre ønskjer at det skal gå fortare.

– Vi seier 2023 eller 2025, så mi oppgåve i stortingsgruppa blir å vere utålmodig og puffe på, seier Røe Isaksen.