Hopp til innhold

Her kan du få femti rom for fire millionar

For under fire millionar kan du få eit hotell med 50 rom i Telemark.

Gautefall hotell

Gautefall hotell ligg i Drangedal og hotellet var i drift fram til det gjekk konkurs i 2012. Nå er hotellet til sals.

Foto: Fokusfoto

Gautefall hotell ligg nå ute til sals på finn.no til 3,9 millionar kroner. For denne summen får du eit hotell med 50 rom, svømmehall, bistro med kjøkken og dansesal for å nemne noko av det hotellet inneheld.

I området der hotellet ligg blir det selt luksushytter til same pris eller meir, skriv Drangedalsposten.

– Det har vore interesse for å kjøpe hotellet, seier Ronny Jørstad i Aktiv eigedomsmekling til NRK.

Les også:

Mykje for pengane

Ronny Jørstad

Ronny Jørstad i Aktiv.

Men sjølv om prisen kan verke rimeleg, så vil det nok krevst ein del pengar til drift og vedlikehald.

– Her er det enormt mykje eigedom for pengane. Utfordringa er å drive eit lønsamt hotell, seier Jørstad.

Eit prosjekt med å samle folk til å kjøpe aksjar lokalt er lagt bort. Ei prosjektgruppe inviterte for ei tid tilbake til aksjeteikning, og hadde håpa å halde hotellet ope i delar av vintersesongen med eit enklare hotellkonsept.

Det vil innebere ei oppgradering og ombygging for ti millionar kroner.

(Artikkelen held fram under bilete)

Gautefall hotell frå lufta

Gautefall hotell er ein stor eigedom med blant anna utleigehytte i nærleiken.

Foto: Fokusfoto

Kan bygge om hotellet

– Den store fordelen med eigedomen er at det er mogleg å bygge om delar av hotellet til 12 leilegheiter som kan seljast separat, seier Jørstad.

I tillegg følgjer det med ei hytte som inneheld tre bueiningar.

Ronny Jørstad fortel at det er ønskjeleg at ein eventuell kjøpar vil drive eit hotell.

– Gautefall som destinasjon har behov for ein stad og overnatte for dei som berre blir der ei natt eller to.

Jørstad håpar det finst lokale krefter som vil overta.

Vil kome i kontakt med fleire

Drangedal sparebank er største pantehavar i konkursbuet etter Gautefall hotell. Banksjef Kjell Nærum seier til Drangedalsposten at han er i dialog med lokale og ikkje-lokale kjøparar.

– Banken har erfart at det ikkje er lett å finne gode, langsiktige løysingar slik hotellet er i dag.

Nærum seier at banken vil gå breiare ut for å kome i kontakt med fleire som kan vere interessert.