Hopp til innhold

Fekk D-vitamin-forgifting – no vil han åtvare andre

Robin følte seg sliten og slapp og begynte å ta D-vitamin-tilskot. Lite visste han at mengdene han tok, var skadelege.

Då Robin blei alvorleg sjuk for eit halvt års tid sidan, blei det også oppdaga at han hadde fått i seg altfor mykje D-vitamin. No er han i ferd med å kome til hektene igjen både fysisk og psykisk og vil fortelje om kva som skjedde.

– Eg la meg søndag kveld og trudde eg vakna måndag morgon, men då eg vakna, var det tysdag kveld. Eg hadde vore i ein form for delirium i halvtanna døgn.

– Eg trudde eg hadde hatt eit mareritt, der eg sat fast og måtte kome meg ut. Og det viste på kroppen min då eg kom på sjukehuset. For eg var full av blåmerke.

I ettertid hugsar Robin at han hadde gjort mykje rart, blant anna har han sendt rare meldingar og ringt. Og spist masse is.

– Eg har tømt frysaren for 23 pinneis. Kvifor eg har gjort det, veit eg ikkje. Men eg finn stadig vekk ispinnar og papir rundt omkring.

Robin hamna på sjukehuset i Skien. Der blei han behandla for hjerneslag, i tillegg tok dei blodprøver og testa det meste.

– Eg var på sjukehuset nokre døgn før dei kom inn og sa at eg hadde alvorleg skyhøge nivå med D-vitamin. Så dei lurte på kva eg hadde gjort. Det er det raraste eg har høyrt, tenkte eg. For D-vitamin er då ikkje farleg.

På sjukehuset veit dei ikkje om det var hjerneslag eller D-vitamin-forgifting som førte til at han snubla rundt og var forvirra. Robin presiserer at det ikkje var nokon samanheng mellom forgiftinga og hjerneslaget.

Han veit ikkje kva for av symptoma som skuldast hjerneslaget eller forgiftinga, men han vil likevel åtvare andre mot å ta for mykje D-vitamin.

Mange symptom på forgifting

Ayana Birhane er overlege og nyrelege ved Nyreavdelinga på Sjukehuset Telemark i Skien. Han seier at det er uklart kor høg dose av D-vitamin som gir forgifting.

Ayana Birhane er overlege ved Sjukehuset Telemark i Skien.

Ayana Birhane er overlege ved Sjukehuset Telemark i Skien.

Foto: Privat

– Dagleg inntak av mindre enn 250 µg hos vaksne har ikkje vore assosiert med forgifting, men det blir ikkje anbefalt dagleg inntak på meir enn 100 µg utan kontroll av D-vitamin-nivå hos lege.

Det er viktig å nemne at det finst ulik styrke av vitamin D-tilskot, særleg når ein handlar på internett, og det er viktig å sjekke styrke når ein tar dose i dropeform, legg han til.

Vitamin D-forgifting kan inkludere symptom som forvirring, mentale forstyrringar, koma, store urinmengder, tørste, uttørking og dehydrering, dårleg matlyst, oppkast, forstopping, magesmerter, muskelsvakheit og manglande energi. Ved kronisk forgifting kan det slå ut i smerter i beina. Det opplyser Birhane.

– Kva skade kan for mykje D-vitamin over tid gjere med indre organ?

– Pasienten kan få nyrestein, utfelling av kalk i nyrevevet, nyreskadar eller nyresvikt og forstyrringar i hjarterytmen.

Birhane seier det ikkje finst gode data for kor vanleg det er med D-vitamin forgifting. Men at amerikansk statistikk viser at det er aukande.

Les også Kan vitamin D likevel hjelpe mot koronasmitte?

Kapsler vitamin D, covid-19 testrør

Var sliten og slapp

Robin var veldig aktiv før han blei sjuk. Han studerte og hadde fleire forskjellige jobbar. Han kunne sitte til langt på natt for å rekke alt saman.

Han kjente at han var sliten og slapp, men understrekar at han ikkje spurte fastlegen sin om råd. I staden lytta han til eit råd frå ein kollega om å ta D-vitamin-tilskot.

Så han kjøpte D-vitamin-olje i ein nettbutikk og tok nokre dropar kvar morgon i eitt år, med unntak av sommaren. I oppveksten blei han fortalt at på vinteren så må vi ta litt D-vitamin, for da er det ikkje nok sollys.

Men nå har han fått erfare at for mykje kan vere farleg.

– Resultatet for meg blei akutt nyresvikt, leverbetennelse, for høgt kalsiumnivå og nesten hjartestans. Og ein tilstand der eg var veldig forvirra.

NRK har gjort endringer i saken etter at den først ble publisert.