Gaustapålen har vore eit landmerke og stått på Gaustatoppens høgaste punkt, 1883 meter over havet.
Her har mange nytta høvet til å ta ein selfie og til å skrive namnet sitt i den såkalla «gjesteboka».
Men i vinter knekte pålen då det var uvêr.
Det viste seg at resten av landemerket var ròte, og det ville vore farleg å la han stå, fortel fjellførar Torgeir Urdal.
– Dei fleste som går til dette punktet, tek bilete. Då står dei og held seg i pålen på toppen av kassene. Viss han hadde brekt, kunne folk ha vorte alvorleg skadde, seier han.
Dugnadsgjengen framfor Gaustatoppens nye påle.
Foto: Ole-Kristian SamuelsenGjekk på ski
Urdal og fleire andre gjekk saman om å erstatte Gaustapålen med ein ny påle.
Dei kunne valt å frakte den nye med Gaustabanen eller med eit helikopter.
Men så fann dei ut at pålen som stod der, var ei gammal flaggstong frakta til toppen med hest.
– Vi tenkte at vi ikkje kunne vere noko dårlegare, seier Urdal.
Tidleg laurdag morgon klokka 05.15 starta dei ferda til toppen.
Med ski på beina drog seks mann den 70–80 kilo tunge pålen. Stroppa med eit snøbrett framfor og eit akebrett bak.
– Vi brukte fire mann framfor og ein mann på kvar side for å stabilisere. Vi gjekk med små steg, og det gjekk overraskande bra.
Dei kunne brukt helikopter, men tok heller skia fatt.
Foto: Ole-Kristian SamuelsenLang historie
2,5 timar seinare stod dei på toppen og kunne byrje å montere den nye pålen.
– Vi hadde stipulert fire timar, og klarte det på litt mer enn halvparten. Vi hadde eit veldig godt grunnlag og var heldige med vêret, seier Urdal.
Pålen har ei lang historie. Rjukan Arbeiderblad har skrive fleire saker om landemerket.
Den som kanskje veit mest om historia, er Torunn Porsgård.
Håpar ny påle held i 150 år
No håpar dugnadsgjengen at den nye pålen kan stå minst like lenge som den gamle.
– Den er laga i eik, og var veldig hard. Vi knakk faktisk ein skrue då vi skulle bore. Eg trur han kjem til å halde enormt lenge, seier Urdal.
Etter kvart ønskjer dei å lage nye kasser til den såkalla «framandboka», gjesteboka der ein kan signere besøket til Gaustatoppen.
Karane som tok den nye pålen opp til toppen var nøye med korleis dei skulle gjennomføre ferda.
Foto: Ole-Kristian SamuelsenI den gamle gjesteboka har Sam Eyde skrive namnet sitt, då han var på tur med to tyske medstudentar i 1888, ifølgje Urdal.
– Vi har kopiar frå sider i framandboka som viser det, fortel han.
Urdal er takksam for velviljen frå alle som har bidrege.
Han anslår at den nye pålen kostar mellom 10 000 og 15 000 kroner. Sponsormidlar vil dekkje utgiftene.
– Det har ikkje vore nei frå nokon. Dei fleste har bidrege på frivillig basis, fortel han.