Hopp til innhold

– Eg har ikkje dårleg samvit

Atle Brynestad seier han ikkje hadde noko val. 35 tilsette ved Porsgrunds Porselænsfabrik mister truleg jobben.

Atle Brynestad

– Vi har tapa mykje pengar på fabrikken dei siste to og eit halvt åra, seier Atle Brynestad.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

I går kom det fram at bedrifta seier opp dei tilsette utan å drøfte saka med vertskommunen Porsgrunn, eller med fylkeskommunen, slik omstillingslova krev.

Atle Brynestad seier til TA i dag at han beklagar at han må seie opp dei tilsette i Porsgrunn, men seier han ikkje har noko val.

– Vi har tapt mykje pengar på fabrikken dei siste to og eit halvt åra, og det reelle underskotet har vore på 20 millionar kroner, seier Brynestad til avisa.

Han seier også at han ikkje har dårleg samvit for at han ikkje har snakka med media eller politikarane.

– Dei tilsette hadde krav på informasjonen før alle andre, og det har dei fått, seier Brynestad.

Porsgrund Porselænsfabrik

Det var i går Porsgrunds Porselænsfabrik sendte ut oppseiingsbrev til 35 tilsette i Porsgrunn.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

– Ikkje under omstillingslova

Det var i går Porsgrunds Porselænsfabrik sende ut oppseiingsbrev til 35 tilsette i Porsgrunn.

Samstundes fekk fylkesordførar Terje Riis-Johansen, som er i USA, ein e-post der Atle Brynestad skriv at nedlegginga i Porsgrunn ikkje kjem inn under omstillingslova, og at fabrikken difor ikkje vil drøfte saka med vertskommunen Porsgrunn eller med fylkeskommunen, slik omstillingslova krev.

Fylkeskommunen går no gjennom det juridiske grunnlaget for oppseiingane.

– Kom heilt uventa

Dag Augstad, som er tillitsmann ved Porsgrunds Porselænsfabrik, reagerer på at selskapet prøvde å dele ut oppseiingane under eit informasjonsmøte.

– Her er er det folk som har vore her i over 40 år, og som kan gå av med AFP. Dei står i fare for å bli stengd ute frå heile ordninga, seier han.

– Kva synest du om det?

Det synest eg er umoralsk rett og slett, seier Augstad.