Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Nødslakt av ku i Nome reporter Johs Apold
- Kommune: Nome
Storfehaldar Gunleik Aspheim på Ulefoss måtte i natt skyte ei ku etter at dyret fikk problem under kalvinga.
Aspheim fekk ikkje hjelp frå veterinær.
Årsaka er at veterinærane i Midt-Telemark nektar å gå vakter om natta i protest mot nye og større vaktområde.
Ingen svarte på telefon
Det var klokka eitt i natt at Gunleik Aspheim på Ulefoss gav opp. Då hadde han jobba med den kalvande kviga i seks timar, utan å få tak i veterinær.
- Ingen svarte på privattelefon. Mobiltelefonane var skrudd av, ein svarte ikkje, men han ringte ikkje opp igjen, seier Aspeheim.
Storfehaldar Gunleik Aspheim på Ulefoss måtte i natt skyte ei ku etter at dyret fikk problem under kalvinga. Foto: NRK
Veterinærane i midt-Telemark er misnøgde med det nye vaktområdet som i tillegg til tre kommunar i Midt-Telemark også omfattar Kragerø og Drangedal.
Dette er årsak til at det ikkje var veterinærvakt i midt-Telemark i natt, seier Inge Engeland ved Telemark dyreklinikk.
Håpar på ei løysing på konflikten
- Vi oppfører oss på same måte som når vi ikkje er på vakt. Eg håpar at dette kan vere ein vekkar for veterinærane og landbruksdepartementet.
Engeland håpar det no vil bli teke eit initiativ til å få til ei løysing på veterinærkonflikten også i Midt-Telemark.
Seniorinspektør Kari Bjørnstad i Mattilsynet seier seg lei for at veterinærane ikkje ville stille opp.