15-åringen er elev ved Tveten ungdomsskole i Porsgrunn, og denne veka brukar ho arbeidsveka til å fotfylgje ordføraren i Skien.
– Målet er å bli politikar, og gjerne statsminister. Difor ynskjer eg å fylgje nokon som kan. Det er ekstra stas å få vere med ein kvinneleg politikar som Hedda, som eg set svært høgt, seier den ambisiøse 15-åringen.
– Kvifor freistar eit liv som politikar?
– Det handlar om å syne at kvinner kan like mykje som menn. Og så er det viktig å vere ein uredd politikar.
– Har lært å smile
Arbeidsveka starta på rådhuset i Skien presis klokka åtte i dag. Deretter var politikar-lærlingen i møte med organisasjonen Redd Barna. Skien er ein av ti byar der organisasjonen i dag sparkar i gang ein nasjonal kampanje mot seksuelle overgrep mot barn.
– Det er ei viktig sak, og ei sak eg brenn for, oppsummerer Kamilla.
– Du har vore lærling i ein dag. Kva har du lært?
– Å smile. Hedda er flink til å smile, ler 15-åringen
– Eg trur ho gjer det medvite, for å tone ned autoriteten som ordførar. Det er lettare for folk å ta kontakt med ein ordførar som smiler!
Hedda starta som 15-åring
Ordførar Hedda Foss Five var sjølv berre 15 år då ho starta i politikken. Seinare har ho gått gradene frå AUF til Skien bystyre, før ho fekk ordførarkjeda etter valet i 2011. Mange trur at karrierevalet var planlagt, men på besøk hjå NRK Telemark mandag ettermiddag avslørar ordføraren at valet var litt tilfeldig.
– Den fyrste tida var det sosiale det viktigaste. Og så var det mange kjekke gutar i AUF. Og ikkje minst: Vi hadde Utøya.
Møter Telemarksbenken
Læretida til 15 år gamle Kamilla held fram med møte både i formannskapet og i Skien bystyre, før ho tek med seg ordføraren til Oslo for å møte Telemarksbenken på Stortinget. Det blir nokre kveldsmøte, og eit par arrangement der ordføraren skal klippe snorer.
– Eg gler meg. Og eg gler meg aller mest til å møtet på Løvebakken, seier 15 år gamle Kamilla Mathea Mogstad.