Petter Blindheim

Jon Michelet fortel om den norske krigsinnsatsen under andre verdskrigen, og kvifor det er så viktig å forvalte denne kunnskapen. Michelet er snart klar med femte bind i serien om dei norske krigsseglarane.

Canadiske veteranmyndigheiter «gløymde» den norske krigsinnsatsen i 2. verdskrigen

Mange har reagert på at canadiske styremakter nekta å anerkjenne krigsveteran Petter Blindheim, med grunngjevinga at Noreg ikkje var ein fullverdig alliert under andre verdskrigen.

Petter Blindheim frå Vigra utanfor Ålesund, er ein av dei siste norske krigsveteranane frå andre verdskrigen i Canada.

Med sine seks medaljar er han ein av dei mest dekorerte.

Petter Blindheim

Saka til krigsveteranen Petter Blindheim, har blitt omtalt av fleire canadiske medium. Mange meiner det er ille han ikkje får plass på veteranheimen. I Noreg går reaksjonane mest på grunnlaget for at han er nekta status som krigsveteran. Fordi Noreg overgav seg til tyskarane, kunne ikkje Blindheim få status som alliert veteran. Dette har no blitt endra.

Foto: CBC

Etter krigen busette han seg Halifax, og er blitt canadisk statsborgar.

Helsa har svikta i det siste. Nyleg brakk 94-åringen arma. Kona på 73 klarar ikkje å stelle han lenger.

Blindheim hadde alltid trudd at når tida var inne, ville han få flytte inn på ein sjukeheim for veteranar i Halifax, der også allierte veteranar er velkomne.

Men Canada sa nei. Tre gongar fekk Blindheim avslag, før styremaktene snudde.

– Noreg overgav seg, soldatane er motstandsmenn

Jon Michelet

Forfattar Jon Michelet er i ferd med å gje ut sin femte roman om krigsseglarane. Han meiner norske styresmakter må seie tydeleg ifrå om den norske krigsinnsatsen under andre verdskrigen. Sjølv om canadiske styremakter har vedgått feilen, har UD ein jobb å gjere for å hindre at slike feil festar seg, fortel han til NRK. UD seier til NRK at dei vil ta opp saka med canadiske styremakter.

Foto: Alem Zebic / NRK

I eit avslagsbrev frå Veteran affairs, som har fleire faktafeil, står det mellom anna:

«Norsk teneste vil berre bli anerkjent mellom 8. april (datoen Norge vart invadert av Tyskland) og 9. juni 1940 (dagen før Norge overgav seg).»

Etter denne datoen blir norske soldatar rekna som motstandsmenn, fordi Noreg overgav seg til Tyskland, og Blindheim kan følgjeleg ikkje gjere krav på status som krigsveteran frå andre verdskrigen.

Avslaget er basert på ein instruks frå 2012, noko familien til Blindheim oppdaga. Etter at NRK gjorde canadiske veteranstyremakter merksame på feilen, har dei teke ned instruksen frå nettet, og seier dei vil gjere endringar.

Avslagsbrev

Jon Michelet studerer avslagsbrevet som er basert på ein instruks frå 2012. Han finn det underleg at canadiske byråkratar ikkje har fått med seg at Noreg var i krig mot tyskarane, og at norske styrkar i eksil var fullverdige allierte, og ikkje ein motstandsstyrke. Ekstra spesielt er det med tanke på at dei norske styrkane vart utdanna i Canada.

Foto: Alem Zebic / NRK

– Vi er svært lei oss for det som har skjedd, det var ikkje meininga at språket i våre produkt skal vere støytande, skriv kommunikasjonsrådgjevar i Veteran affairs, Janice Summerby, til NRK.

– Kan ikkje bli ståande

Forfattar Jon Michelet meiner likevel at Utanriksdepartementet må reagere.

– Den set norsk krigsdeltaking på ein B-lag status. Det må vi ikkje finne oss i. Den norske handelsflåten var viktig, men det var marinen og flyvåpenet også.

Petter Blindheim tenestegjorde i den Kongelege norske marine, der han vart senka to gangar.

Han eskorterte handelsfartøy i Atlanterhavet, og han gjekk med konvoiar til Murmansk.

– Det var reine sjølvmordsoppdrag fortel Michelet.

Instruks

Instruksen om korleis ein skal definere norske krigsveteranar, datert 2012. No er den tatt vekk frå nett, og ordlyden vil bli revidert seier veteranstyremaktene i Canada til NRK.

Foto: Faksimile

Den norske eksilregjeringa disponerte eigne allierte styrkar under andre verdskrig, finansiert av handelsflåten, som tenestegjorde under britiske kommando.

Petter Blindheim kjempet under 2. verdenskrig og ved freden bosatte han seg i Canada.
Han er 94 år og ønsker seg plass på et peleiehjem for veteraner.
Men canadiske myndigheter ville ikke anerkjenne ham som krigsveteran fordi Norge overga seg til tyskerne.
De mener norske styrker derfor er motstandsmenn og ikke fullverdig allierte.
Men så fikk de tenkt seg om.

Sjå reportasjen om 94 år gamle Petter Blindheims kamp for veteranpleie og veteranstatus. Veteranministeren blir konfrontert av CBC om Noreg var ein alliert under krigen eller ikkje.

– UD må rydde opp

– Korleis bør norske myndigheiter reagere?

– Vi bør gjennom vår ambassade ta dette opp med canadiske styremakter, og sei at dei ikkje kan forvalte norsk krigshistorie slik, seier Jon Michelet til NRK.

Lars Borgersrud

Historikar Lars Borgersrud undrar seg over kva prosessar som har ført fram til ein så feilaktig instruks hjå dei canadiske veteranmyndigheitene.

Foto: Alem Zebic / NRK

I ein epost til NRK skriv kommunikasjonsrådgjevar Anne Haaversdatter Lunde, at UD vil «ta opp spørsmålet om Norges rolle på ein eigna måte med Canada.»

– Amatørmessig

Historikar Lars Borgersrud kan ikkje understreke nok kor feilaktig instruksen er. Og han undrar seg over at den ikkje har blitt oppdaga av ekspertar i den canadiske statsforvaltninga.

Borgersrud viser til fleire avtalar Noreg gjorde med Storbritannia, mellom anna ein militæravtale i 1941. Noko som uomstridd gjer Noreg til ein alliert.

– Kva syns du om dette da?

– Det er høgst amatørmessig, seier Borgersrud til NRK

Får veteranstatus

Også i Canada har det vore reaksjonar, og presset har blitt så stort at Blindheim får veteranstatus likevel.

CANADA-POLITICS-TRUDEAU

Veteranminister Kent Hehr blir teken i eid i november i fjor. Hehr har blitt konfrontert med mange kritiske spørsmål om handteringa av søknaden til Petter Blindheim om veteranpleie.

Foto: CHRIS WATTIE / Afp

Dette har familien fått vite munnleg på telefon, og dei ventar framleis på ei skriftleg stadfesting, med forklaring på kva nye vurderingar som er gjort.

Veteranminister Kent Hehr vart også konfrontert av canadisk kringkasting om Noreg var ein alliert nasjon under andre verdskrigen, noko han stadfesta.

Vil opne filial i Canada.

Sjefen for heimefrontmuseet, Ivar Kraglund, er lei seg for at innsatsen til utefronten har gått i gløymeboka hjå canadiske byråkratar.

– Tøysete av Canada

– At det er Canada som skulle kome med noko så tøysete, dei som var vertskap for dei norske styrkane under krigen, det er underleg, fortel sjef ved heimefrontmuseet, Ivar Kraglund.

– Vi gjer jo ein innsats her for å formidle krigshistoria. Kanskje vi skal vurdere å opprette ein filial i Canada, spøker han.

Wendy Westerlund

Ved den gamle ferjekaia på Valderøya er den gamle uniforma til Petter Blindheim utstilt. Dottera hans, Wendy Westerlund, er opprørd over behandlinga faren har fått. Ho er busett på Vigra, men er no på besøk i Halifax, og gler seg til at faren skal få medalje av forsvaret på torsdag.

Foto: NRK

Innsatsen til dei norske styrkane utanfor Noreg, blir ved museet referert til som «utefronten.» Det heng fleire bilde på veggen av norske krigsflygarar som blir utdanna i "Little Norway" i Toronto.

Jon Michelet fortel at heimbyen til Blindheim, Halifax, var ein pulserande hamneby under krigen, der norske marinegastar og sjømenn gjorde seg gjeldande.

Mange fann kjærleiken og vart verande att i Halifax etter krigen.

– Forholdet mellom Noreg og Canada fortener ikkje ei slik sak, seier Michelet.

–​ Dette er ikkje gutta på skauen

Jon Michelet syns også det er påfallande at dette kjem frå Canada. Noreg var representert med Camp Norway i Lunenburg i Nova Scotia, som utdanna skyttarar til marinen og marinepersonell.

– I Toronto vart det utdanna krigsflygarar og ein masse flypersonell. Og alle visste at flygarane skulle til det kongelege flyvåpenet, fortel Michelet.

Kong Harald som liten, 1941

Ein ung Prins Harald besøker treningsleiren Little Norway i Toronto. Saman med ein av flygarane i leiren, Johan Garben, som seinare fall i 1941.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

– Dette var ikkje gutta på skauen, dette er gutta i uniform under militær kommando på alliert side.

Og det var Noreg som betalte rekninga?

– Og det var Noregs regjering som betalte rekninga, med pengar som sjøfolka i handelsflåten sigla inn, fortel Michelet.

Skulle nokon ha innvendingar på dette, ber Michelet dei lytte til Franklin D. Roosevelts berømte «Look to Norway» tale hausten 1942.

– Der seier han at Noreg har den fjerde største marinen av dei foreinte statane, fortel Michelet.

Franklin D. Roosevelt

Washington, USA 1942. Kronprinsfamilien i landflyktigheit under krigen. Kronprinsesse Märtha i Washington saman med president Franklin D. Roosevelt under presidentens tale 'Look to Norway. '

Foto: Scanpix / SCANPIX

– Vi treng ein ny Roosevelt-tale

Ved heimefrontmuseet speler Ivar Kraglund av den berømte talen. Ein tale som skulle rette opp inntrykket av at nordmenn passivt hadde stått å sett på at tyskarane marsjerte inn i Oslo.

– Vi burde kanskje sende ein reprise til Canada i dette tilfellet, vi får spørje Obama på tampen, seier sjefen ved Heimefrontmuseet.

Får likevel ikkje plass på veteranheimen

Camp Hill

Veteranheimen Camp Hill i Halifax er tilrettelagt krigsveteranar.

Foto: CBC

I Halifax er familien til Petter Blindheim glade for at han får veteranstatus. Men 94-åringen får framleis ikkje plass på veteranheimen, sjølv om der er fleire ledige senger.

Han er ikkje sjuk nok, er grunngjevinga denne gangen.

Veteranheimen Camp Hill er perfekt for pappa, seier dottera Wendy Westerlund til NRK.

Den er innreia med gjenstandar frå krigen, medaljar, bilde og liknande. Det er andre veteranar der, og pleiarane er spesialiserte i trauma, skriv ho i ein epost til NRK frå Halifax.

Men krigsinnsatsen hans er i det minste anerkjent. Og ei oppmuntring er på veg. Den norske forsvarsattacheen i Washington D.C. kjem på besøk for å overrekke ein minnemedalje for innsatsen under andre verdskrigen.

Viste heltemot da korvetten Montbretia sank

Det var Jens Inge Egeland frå Karmøy som leita opp krigsveteranen og søkte om minnemedaljen.

Den sjuande i rekka.

Egeland framhevar spesielt ei hending som førte til at Blindheim vart tildelt krigsmedaljen.

Blindheim var maskinist om bord korvetten Montbretia, da den vart torpedert i Atlanteren 18. november 1942.

Heiderleg omtale

Petter Blindheim fekk heiderleg omtale etter heltedåden om bord Montbretia. Og vart tildelt krigsmedaljen.

Foto: utlånt av Wendy Westerlund / Privat

Medan båten sank, desarmerte han søkkeminene slik at dei ikkje skulle eksplodere i vatnet, og drepe dei som hadde hoppa i sjøen.

– Han berga livet til 27 medsoldatar, og hausta lovord frå Sjøforsvarets overkommando, fortel Egeland til NRK.

Han tok også imot krigsmedaljen for heltedåden under torpedoangrepet som kravde 40 norske liv.

Vart senka ein gang til

Seinare i krigen overlevde han nok eit forlis, da korvetten Tunsberg Castle gjekk på ei mine utanfor Båtsfjord 12. desember 1944.

Mot slutten av krigen tenestegjorde han om bord på minesveiparar utanfor Normandie.

Over 70 år seinare er Blindheim klar for å kjempe vidare for sjukeheimsplass.

– So lenge der er liv er der håp, seier Blindheim i eit intervju til canadisk kringkasting.