Hopp til innhold

Valvinnar: – Slovakia har større problem enn bandet sitt til Ukraina

Partiet som har fått stempel på seg som prorussisk, fekk flest stemmer i valet. No risikerer Ukraina å miste våpenstøtta frå landet.

Robert Fico står med dress og klappar. Bak han står to menn i dress og klappar og smiler.

VINNAR: Tidlegare statsminister Robert Fico og Smer vann valet i Slovakia.

Foto: Darko Bandic / AP

Gjennom valkampen har valvinnar Robert Fico fått stempel på seg som prorussisk, etter å ha uttrykt ønske om å stanse all militærhjelp til Ukraina.

– Slovakia har større problem enn bandet sitt til Ukraina.

Det sa Fico, ein dag etter at partiet hans vann valet i Slovakia.

Han har tidlegare blitt kritisert for å kome med russiskvenlege fråsegn om sjølve krigen:

– Krigen i Ukraina starta ikkje for eit år sidan. Han starta i 2014, når ukrainske naziar og fasistar begynte å drepe russiske borgarar i Donbas og Luhansk.

Det sa Fico i august, ifølge Politico.

Bilete av Michal Simecka, Peter Pellegrini og Robert Fico inne i eit TV-studio. Dei gjer seg klar til å gå inn på podiet. Alle har på dress. Pellegrini smiler og held eit ark i handa.

Dei tre største partileiarane møtte til TV-debatt tysdag. Michal Simecka (PS), Peter Pellegrini (Hlas) og Robert Fico (Smer).

Foto: VLADIMIR SIMICEK / AFP

Vil vere fredsmeklar

Søndag presiserer derimot Fico at han ønsker å halde fram med å hjelpe Ukraina humanitært og ved oppbygginga av landet, men at posisjonen til våpenstøtte, er usikker.

Det melder nyheitsbyrået Reuters.

– Vi meiner at Ukraina er ein stor tragedie for alle. Dersom Smer blir gitt oppgåva med å danne ei regjering, vil vi gjere vårt beste for å få i gang fredssamtalar så snart som mogleg, sa Fico til journalistar søndag, ifølge AFP.

Robert Fico står på ei scene og snakkar. Gestikulerer med hendene og ser ut mot publikum.

Robert Fico ønsker å bli statsminister for fjerde gang.

Foto: RADOVAN STOKLASA / Reuters

Må danne koalisjon

Partiet til Fico, Smer, fekk 23,3 prosent av stemmene i valet laurdag, og fekk dermed størst oppslutning, ifølge nyheitsbyrået AFP.

Med partiet vil likevel måtte gå i koalisjon med andre parti for å kunne danne regjering.

Hovudkonkurrenten, sentrumspartiet Progressivt Slovakia, fekk 17 prosent av stemmene. Partileiar Michal Simecka seier at han anerkjenner at Smer vann valet, men seier at dei vil prøve å danne regjering likevel.

Michal Simecka held ein pressekonferanse.

På ein pressekonferanse søndag anerkjente Michal Simecka at Progressivt Slovakia tapte valet.

Foto: Petr David Josek / AP

Liberalisme mot nasjonalisme

Slovakia er eit land som verkeleg har fått kjenne på konsekvensane av krigen i nabolandet Ukraina. Det siste året har landet slite med korneksporten, ulovleg migrasjon og høge straumprisar.

Politikken i landet er prega av ein by-land-dynamikk, der dei to partia Smer og Progressivt Slovakia retter seg mot to vidt ulike samfunnsgrupper.

Det progressive, unge og liberale partiet Progressivt Slovakia (PS) appellerer til dei urbane, utdanna og unge i landet og ønsker mellom anna å styrke LHBTQ- og kvinnerettar.

Leiaren, Michal Simecka, er 39 år, tidlegare journalist og visepresident i EU-parlamentet.

Bilete av Michal Simecka. Han sit ned, har på kvit skjorte og smiler.

Michal Simecka er leiar for Progressivt Slovakia (PS) og visepresident i Europaparlamentet.

Foto: Radovan Stoklasa / Reuters

Partiet har ifølgje Eva Sarfi, førstelektor i Øst-Europa-studium ved Universitetet i Oslo (UiO), bygd seg opp som eit seriøst parti på veldig kort tid.

– PS er liberale overfor minoritetar og er Europa-orienterte. Det er unge og urbane menneske i partiet, og fleirtalet er kvinner. Partiet har eit klart standpunkt og eit klart program, seier Sarfi.

– Dette har dei bygd opp utan å spele på nasjonalisme, legg ho til.

Tidlegare statsminister

Det populistiske partiet Smer er leia av 59 år gamle Robert Fico, som har vore statsminister tre gonger før.

Smer er bygd på sosialdemokratiske verdiar og kombinerer sosialisme med nasjonalisme. Dei forfektar både velferd og strengare migrasjonspolitikk.

– Vi i Smer nektar å «venne oss til» ulovleg migrasjon, prisauke og fall i levestandarden til folk i Slovakia, sa Fico i ein TV-sendt debatt tysdag.

Ficos populisme appellerer særleg til konservative, folk som er hardt ramma av høge kostnadar, som er kritiske til krig, og som har vore misfornøgd med den tidlegare regjeringa.

Ei katolsk nonne går med ein stemmesetel i stemmelokale, med slovakisk flagg i bakgrunnen.

Laurdag morgon opna stemmelokala i Slovakia. Dei første resultata er venta å kome laurdag kveld.

Foto: Darko Bandic / AP

Putin-venleg?

Den siste tida har det vore oppslag i vestleg presse om at Fico kan ta Slovakia i ei meir Putin-venleg og Ukraina-fiendtleg retning på grunn av utsegn som dette:

– Viss Smer blir ein del av regjeringa, kjem vi ikkje til å sende verken våpen eller ammunisjon til Ukraina igjen, sa Fico til AP-journalistar nyleg.

Og utsegn som dette, til nyheitsbyrået Reuters:

– Vi avviser fråsegn og posisjonar som konstaterer at den noverande konflikten mellom Russland og Ukraina, også er vår konflikt.

Saker som handlar om krigen og konsekvensane av han, viser eit tydeleg skilje mellom PS og Smer. PS har stilt seg på ei typisk vestleg-orientert linje, medan Fico har gjort det klart at han vil stanse militær støtte til Ukraina viss han får makt.

Slovakia har gitt både jagarfly, militærhelikopter, rakettar, luftforsvar og ammunisjon til Ukraina, ifølge Reuters.

Fico og Putin tek kvarandre i handa og smiler. Bak dei står det kvite stolar og folk i svarte klede.

Robert Fico og Vladimir Putin hadde god kontakt under Ficos statsministerperiode. Biletet er frå 2016. No fryktar fleire at Fico vil føre ein Putin-venleg politikk viss han får makt.

Foto: Alexander Zemlianichenko/Pool / Reuters

Nasjonalistisk tankegang

Fico har kritisert sanksjonane mot Russland og viser til følgene det har fått for Slovakia, som har slite med mellom anna høge straumprisar, melder nyheitsbyrået Reuters.

Elisabeth Bakke er forskar ved UiO og har forska på Slovakia. Ho trur Ficos Russland-retorikk handlar mindre om at han ønskjer å føre ein Putin-venleg politikk, men at Fico ønsker å prioritere si eiga befolkning økonomisk.

Bakke presiserer at sjølv om Fico ønsker å stanse våpenstøtta til Ukraina, vil han halde fram med å gi humanitærstøtte.

Portrettbilete av Elisabeth Bakke. Mørkt hår og pannelugg.
Foto: UiO

Jokeren er utbrytarpartiet Hlas

Men verken Smer eller PS kan styre åleine. Det tredje store partiet, Hlas, er eit utbrytarparti av Smer. Men det er usikkert kven dei vil danne koalisjonsregjering med, og på nøyaktig kva politisk linje dei vil legge seg på med Ukraina.

– Hlas blir truleg ein «kingmaker», seier Bakke.

– Eg trur ikkje det er mogleg å kome utanom Hlas i regjering, anten Smer eller PS blir størst.

Verken Bakke eller Sarfi ved UiO trur at landet vil sjå noko heilomvending ved eit regjeringsskifte. Fordi ingen parti er store nok til å styre åleine, må dei inngå kompromiss med andre parti.

Peter Pellegrini sit på eit podium og smiler til kamera. Han har eit ark, briller og vannglass på bordet framfor seg.

JOKER: Partiet Hlas har hatt ein diffus politikk, og det er usikkert kven dei vil samarbeide med i regjering.

Foto: RADOVAN STOKLASA / Reuters

Måtte gå av på grunn av journalistdrap

Fico har tidlegare vore statsminister, men måtte gå av etter at regjeringa hans gjekk inn i ei tillitskrise.

Krisa blei utløyst då ein tidlegare slovakisk soldat skaut og drap den 27 år gamle journalisten Jan Kuciak og kjærasten hans i 2018.

Kuciak var ein kjend journalist i Slovakia som arbeidde med å avdekke eit nettverk som skal ha drive med korrupsjon og organisert kriminalitet. I nettverket var fleire personar i den politiske eliten i landet, i tillegg til kjende forretningsfolk.

Soldaten som tok på seg skylda for drapet på journalisten, sa at drapet var ei bestilling frå ein forretningsmann, som hevda seg uskuldig.

Drapa førte til demonstrasjonar over heile Slovakia, og Fico måtte gå av som statsminister.

Høyr også:

SISTE NYTT

Siste nytt