Hopp til innhold

Uvêret Ciaran herjar i Vest-Europa: Over 1000 evakuerte frå heimane sine

Hittil har uvêret kravd 6 menneskeliv. Myndigheitene fryktar store øydeleggingar og fare for fleire menneskeliv.

Menneske som ror ein båt i ein overflødd gate i Newry, Nord-Irland.

Menneske som ror ein båt i ein overflødd gate i Newry, Nord-Irland. Store mengder nedbør har ført til mykje vatn i gatene.

Foto: Reuters

Stormen Ciaran har i dag ramma Vest-Europa med sterk vind og kraftig regn.

Like før klokka 15 kom meldinga frå Reuters om at uvêret Ciaran har kravd eit menneskeliv i Nederland.

Personen døydde etter å ha blitt treft av eit tre. Fleire av dei seks som til nå har mista livet i stormen, har dødd på same måte, ifølgje Reuters.

Store øydeleggingar

I Nederland er det målt vind på 100 km/t, og 206 fly har blitt kansellert på flyplassen i Amsterdam. Tog frå den nederlandske hovudstaden til Paris er òg kansellert.

Det har i morgontimane torsdag vore fleire øydeleggingar på eigedommar og vegar i Sør-England. Meir enn 300 skular er stengde, og toglinjer og ferjer er innstilte fleire stadar.

Hamna i Newhaven, Sør-England. Store bølger slår inn mot hamna Newhaven. I forgrunnen er tre menneskeskikkelser skimta, og er betrakteleg mindre enn dei store bølgene.

Slik så bølgene ut ved hamna Newhaven i Sør-England i dag ettermiddag.

Foto: Glyn Kirk / AFP

Hamna i Dover, søraust i England, var stengd fram til 13-tida torsdag. Dette førtetilrå til lange lastebilkøar.

– Bli heime, tilrår dei britiske myndigheitene.

Det er meldt om høgvatn og høge bølger, og vindkast på opp mot 160 km/t nokre stadar i Sør-England.

Sør-England er i høg beredskap, og det er gult vêrvarsel over heile den britiske øya. Fleire stadar er det stor fare for flaum.

Kanaløyane er hardast ramma. BBC melder at 40 menneske har måtte forlate heimane sine i Jersey. Orsaka er øydelagde tak, veggar og vindauge i husa deira. 9000 har mista straum, og det er meldt om øydeleggingar på vegar og bilar.

To menneske foran kysten. Høge bølgjer.

Store bølgjer i Newhaven, England. Ciaran har ramma den britiske kysten hardt.

Kvinne i regn

Kvinne prøver å gå gjennom vatn, overfylte gater fleire stadar på grunn av kraftig regn i uvêret Ciaran.

Fotgjengarar går forbi ein øydelagd bygning i Porspoder, vest i Frankrike.

Eit par går forbi ein øydelagd bygning i Porspoder, vest i Frankrike.

Overfødd i gatane i Penmarch, vest i Frankrike.

Overflødd i gatane i Penmach, vest i Frankrike. Høg vindkast og mykje nedbør i hele regionen.

Fleire stadar i Vest-Europa ramma

Uvêret har òg ramma Frankrike, der det har vore vindkast opp mot 164 km/t. Frankrikes innanriksminister Gerald Darmain melder på Twitter/X at over 1300 menneske har blitt evakuerte frå heimane sine.

Ein lastebilsjåfør er omkomen i det nordaustlege Frankrike, etter at lastebilen hans vart treft av eit tre, skriv Sky News.

AFP melder at 1.2 millionar i Nordvest-Frankrike mista straum natt til torsdag, kor det vart målt rekordvindkast på 200 km/t.

Mann i arbeidskler og hjelp i heis

1.2 millionar heim mista straum då stormen Ciaran piska nordvestkysten av Frankrike.

Foto: AFP

– I ferd med å avta i Noreg

Stormen ser ut til å avta i Frankrike. Vêrtenesta Meteo France har redusert varslinga for sterk vind, frå raudt til oransje fleire stader i Nord-Frankrike.

I Noreg fører stormen til vind og nedbør på Sørlandet, og regn og snø på Austlandet.

– Stormen er i ferd med å avta og då særleg den sterke vinden, men det blir fleire omgangar med nedbør på Sørlandet, seier meteorolog Terje Alsvik Walløe.

SISTE NYTT

Siste nytt