Hopp til innhold

Utvist etter å ha håna kongen

Ein sveitsisk mann er utvist frå Thailand, etter å ha blitt dømd til 10 års fengsel for å ha håna kongen i fylla.

Oliver Rudolf Jufer er utvist frå Thailand.
Foto: Wichai Taprieu / AP

Dette blir stadfesta både av den sveitsiske ambassaden i Bangkok og av thailandske immigrasjonsstyresmakter.

Den sveitsiske statsborgaren Oliver Rudolf Jufer (57) var dømd til 10 års fengsel for å ha skrive nedsetjande slagorg om den thailandske kongen på ein vegg i Bangkok.

Slike ting blir det ikkje teke lett på i Thailand, og mannen, som vedgjekk å ha vore sterkt rusa på gjerningstidspunktet, kunne i verste fall ha fått 75 års fengsel.

Thailandsk lov slår fast at det ikkje er lov å vanære kongen eller familien hans.

 

 

Oliver Rudolf Jufer på veg til retten 29. mars 2007.
Foto: CHAIWAT SUBPRASOM / REUTERS

Oliver Rudolf Jufer vart i kveld norsk tid eskortert om bord i eit fly til Zürich. Flyet er venta å lande i alpelandet i morgon tidleg.

Det var overvakingskamera som fanga opp den sveitsiske mannen då han ved hjelp av svart spraymåling "pynta" på ein stor plakat av kong Bhumibol. Det skjedde i den nordlege byen Chiang Mai 5. desember i fjor, på sjølve fødselsdagen til kongen, som er ein stor festdag i landet.

Oliver Rudolf Jufer vart fengsla same dagen og har vore i fengsel sidan. For to veker sidan fall dommen, før altså sjølvaste kong Bhumibol i dag underteikna papira som gjorde Jufer til ein fri mann igjen.

Jufer er ved god helse, og han har heile tida samarbeidd godt med thailandske styresmakter, seier ein representant for den sveitsiske ambassaden i Bangkok.

 

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt