Hopp til innhold

USA vil skjerpe ny norsk terrorlov

Amerikanske styresmakter meiner regjeringa sitt forslag til ny terrorlov ikkje er streng nok. 

Benson K. Whitney

Den amerikanske ambassadøren tykkjer ikkje forslaget til ny norsk terrorlover er godt nok.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

- Noreg har lite å lære av USA når den nye terrorlova skal bli vedteken, meiner SVs justispolitiske talsmann Olav Gunnar Ballo.

NRK har fått tilgang til eit brev dei har sendt justisminister Knut Storberget.

Mellom anna reagerer USA på at regjeringa ikkje har tenkt å gjere det straffbart å vere medlem av ein terrororganisasjon. 

Ifølgje foslaget til ny terrorlov, skal ein berre bli straffa om ein kan knyttast til planleggjinga av ein konkret aksjon.

- Bør ikkje verke inn

Olav Gunnar Ballo

Olav Gunnar Ballo.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Brevet er underteikna den amerikanske ambassadøren i Noreg, Benson K. Whitney. Han viser til eit møte med justisministeren tidlegare i sommar, og takkar for moglegheita til å komme med synspunkt på den føreslegne norske terrorloven.

- Ingen av innspela frå USA bør få innverknad på den nye terrorloven, meiner Ballo.

- Alle står fritt til å kome med innspel

Sp, Ap, Høgre og Frp synest det er greit at amerikanske styresmakter forsøker å påvirke norsk lovgjeving.

Justisminister Knut Storberget (Ap) har ikkje problem med at USA har synspunkt på forslaget til norsk terrorlov, men understrekar at regjeringa ikkje vil endre sin politikk på grunn av det.

Stortingsrepresentant og justispolitisk talsmann for Senterpartiet Erling Sande deler Storberget sitt synspunkt.

- Ein kvar må fritt få kome med innspel, men norsk lovgjeving blir utforma etter norske forhold og etter kva som er til beste for det norske folk, seier Sande.

Gått grundig til verks

Amerikanske ekspertar har gått grundig til verks i det fem sider lange vedlegget. Brevet skal ha tatt utgangspunkt i ei engelsk oversetjing av det 138 sider lange høyingsutkastet.

SISTE NYTT

Siste nytt