Hopp til innhold

Ukraina skuldar Russland for barnetortur

Den ukrainske parlament-kommissæren for menneskerettar hevdar at dei har funne eit torturkammer for barn i byen Kherson.

Russia Ukraine War

FRI FRÅ OKKUPASJONEN: Eit barn leiker med eit ukrainsk flagg i den frigjorde landsbyen Kyselivka i utkanten av Kherson.

Foto: Bernat Armangue / AP

– Ja, det er sant at vi har dokumentert barnetortur for første gang. Eg trudde ikkje det var mogleg å søkke lågare etter Bucha og Irpin, seier kommissær Dmytro Lubinets ifølge avisa Pravda.

Det verste, seier han, såg dei i Kherson, som blei frigjort av ukrainske styrkar sist månad.

I eitt av torturkammera skal lokale styresmakter ha oppdaga ei separat celle nær der dei vaksne blei heldt til fange.

Fleire av desse vaksne hevdar dei visste at russarane hadde ukrainske barn låst inne der, og okkupantane sjølve kalla det ei «barnecelle», ifølge Lubinets.

Russia Ukraine war

Ein kjellar der ein ukrainsk domstol for krigsbrotsverk hevdar at ukrainske fangar blei torturert av russarane. NRK veit ikkje om dette er kammeret den ukrainske kommissæren for menneskerettar skildrar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP

Ein kjellar der ein ukrainsk domstol for krigsbrotsverk hevdar at ukrainske fangar blei torturert av russarane. NRK veit ikkje om dette er kammeret den ukrainske kommissæren for menneskerettar skildrar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP

– Det var det same fuktige rommet. Det einaste som skilde det var at dei slengde veldig tynne matter på golvet og sa at desse var til barn.

– Dette er barn som ifølge okkupantane møtte dei med motstand.

Lubinets seier vidare at barna i kammeret berre fekk vatn annankvar dag, nesten ingen mat i det heile, og blei fortalde at foreldra hadde forlate dei og ikkje ville kome tilbake.

Ein 14 år gammal gut skal ha blitt teken til fange fordi han tok eit bilete av øydelagt russisk utstyr. Ifølge kommissæren blei han arrestert og torturert i eit liknande kammer.

Russian retreat from Kherson

Ei teikning på veggen i eitt av romma der Ukraina hevdar at folk blei torturert av den russiske okkupasjonen i Kherson.

Foto: MURAD SEZER / Reuters

Ei teikning på veggen i eitt av romma der Ukraina hevdar at folk blei torturert av den russiske okkupasjonen i Kherson.

Foto: MURAD SEZER / Reuters

Fleire dusin torturkammer skal ha blitt funne i dei frigjorde delane av Kherson, Kharkiv og Donetsk fylke.

Ein domstol i Kherson seier dei har funne fire stader i byen så langt der folk har blitt torturerte, ifølge Kyiv Independent.

Desse opplysingane har ikkje blitt bekrefta frå uavhengig hald. Russland har heller ikkje svart på skuldingane.

– Eit skrekkvelde

– Vi har ikkje sjekka dette med andre kjelder på bakken foreløpig, men der er ikkje nokon særleg grunn til å tvile på at det har føregått grove overgrep i Kherson, seier Ivar Dale, som er senior fagrådgivar i Helsingforskomiteen.

Han viser til andre menneskerettsbrot ein kjenner til i områda der dei russiske styrkane hatt kontroll, som tortur og massegraver, og meiner det er sannsynleg at Lubinets fortel sanninga.

– Det er jo lovlause tilstandar i desse områda. Dei som har sadistiske trekk blant soldatane har fått utløp for det.

– Det har ein sett ofte, at det ikkje berre er snakk om at dei skal kontrollere eller sikre eit område, men at det skjer direkte mishandling med bestialske torturmetodar.

Russia Ukraine War Torture

Igor (22) seier han blei torturert med elektrosjokkvåpen av russarar i Kherson.

Foto: Bernat Armangue / AP

Igor (22) seier han blei torturert med elektrosjokkvåpen av russarar i Kherson.

Foto: Bernat Armangue / AP

I løpet av perioden då Kherson var under russisk okkupasjon, seier Dale han hadde regelmessig kontakt med folk i byen.

– Det har vore eit skrekkvelde for ukrainarane der. Folk måtte prøve å halde hovudet lågt, og snakka om kontrollar og sjekkpunkt som blei sett opp rundt i heile byen.

– Då er det jo nettopp denne typen torturkammer eller filtreringsleirar som folk fryktar, fordi at ein veit kva som har skjedd i andre delar av Ukraina kor russarane har hatt kontroll.

Dale trur at historiene som kjem ut av Kherson i tida som kjem til vere viktige når ein i framtida skal stille nokon for ansvar.

Veit ikkje kor mange barn som er råka av krigen

Ukraina hevdar at minst 443 barn har blitt drepne og fleire enn 855 skada sidan krigen starta.

Dei reelle tala er venta å vere høgare fordi dei ikkje omfattar Mariupol og Volnovakha. skriv Kyiv Independent.

Russia Ukraine war

Strekar på veggen markerte dagane dei ukrainske fangane heldt til i rommet, ifølge den ukrainske domstolen for krigsbrotsverk.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP

Strekar på veggen markerte dagane dei ukrainske fangane heldt til i rommet, ifølge den ukrainske domstolen for krigsbrotsverk.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP

Medan styresmaktene trur ein av tre ukrainske barn har flykta frå heimane sine etter den russiske invasjonen, er det framleis mange i dei okkuperte områda.

Ukraina sin kommissær for barn sine rettar og rehabilitering, Daria Herasymchuk. meldte for ei veke sidan at Russland har ulovleg deportert fleire enn 13 000 ukrainske barn.

Også ho seier at talet dei har er ufullstendig.

– Vi har enno ikkje høyrt om minst fleire titusen barn som blei stolne av dei russiske styresmaktene.

FN: Krigsfangar torturerte på begge sider

Ukrainske krigsfangar heldt av Russland er ikkje dei einaste som melder om dårleg behandling.

Sist månad publiserte FN sin menneskerettskomité ein rapport som slo fast at krigsfangar på begge sider av konflikten melder om å ha blitt torturert i fangenskap.

Rapporten er basert på intervju med 159 ukrainarar heldt til fange av Russland og 175 russarar heldt i Ukraina.

Det var berre Ukraina som let etterforskarane undersøke der fangane heldt til – Russland sine fangar blei intervjua først etter dei var sleppte fri.

Russia Ukraine

Russiske soldatar under ei fangeutveksling med Ukraina tidlegare i desember. Biletet er sendt ut av det russiske forsvarsdepartementet.

Foto: AP

Russiske soldatar under ei fangeutveksling med Ukraina tidlegare i desember. Biletet er sendt ut av det russiske forsvarsdepartementet.

Foto: AP

Eit stort fleirtal av dei ukrainske fangane til Russland som blei intervjua, sa at dei blei utsette for tortur eller dårleg behandling.

Fleire vitne skildra å ha sett krigsfangar bli drepne av «i ein inngangsprosedyre» i ein fangeleir nær Olenivka, der folk blei kledde av, banka, og i nokre tilfelle sett hundar mot seg.

FN har fått informasjon om åtte slike dødsfall som følge av dette, og har også dokumentert fleire tilfelle seksuell vald.

Leiar for FN sitt overvakingsoppdrag for menneskerettar i Ukraina, Matilda Bogner, seier dei også har høyrt «truverdige skuldingar» om tortur og dårleg behandling frå russiske fangar, som skal ha blitt utførte av ukrainske soldatar.

Russia Ukraine War Olenivka

Døde krigsfangar blir lagt på rekke for undersøking i den russiske fangeleiren Olenivka. Både Russland og Ukraina er skulda for å torturere krigsfangane sine.

Foto: AP

Døde krigsfangar blir lagt på rekke for undersøking i den russiske fangeleiren Olenivka. Både Russland og Ukraina er skulda for å torturere krigsfangane sine.

Foto: AP

– I fleire tilfelle blei krigsfangar knivstukne eller gitt elektrosjokk frå militærtelefonen «TAPik», av ukrainsk politi eller militærpersonell som vakta dei, skriv Bogner.

– Ofte nakne blei dei stappa inn i lastebilar eller varebilar med hendene knytte fast bak ryggen.

På ein av fangekoloniane i regionen Dnipropetrovska og i fleire varetektsfasilitetar, skal russiske fangar ha fått det fangevaktarane kalla «velkomstbank».

Ukraina seier dei har starta fleire kriminaletterforskingar av skuldingar som dette, og Bogner skriv at dei ventar på konklusjonane.

Dei er likevel kritiske til at Ukraina held fram med å domfelle ukrainske statsborgarar som er medlem av militære grupper knytte til Russland.

Dei seier at å domfelle soldatar for å ta del i den internasjonale konflikten bryt med folkeretten, og at tortur og dårleg behandling av krigsfangar også er ulovleg.

Les også Russland angreip administrasjonsbygning i Kherson

Angrep Kherson

SISTE NYTT

Siste meldinger