Hopp til innhold

Trusebombaren dømd til livstid

Ein nigeriansk mann, som prøvde å sprengje eit passasjerfly i lufta første juledag 2009, er dømd til fengsel på livstid.

Umar Farouq Abdulmutallab
Foto: Scanpix/AFP

Umar Farouk Abdulmutallab skal ha vore ute på eit sjølvmordsoppdrag for Al Qaida. Han gøymde ei bombe i underbuksa og prøvde å detonere sprengladningen då Delta Airlines-flyet med 298 menneske om bord nærma seg flyplassen i den amerikanske byen Detroit.

Overmanna av medpassasjerar

Bomba eksploderte ikkje, men det oppstod ein brann. Denne vart raskt sløkt, men bombemannen fekk alvorlege brannskadar i lyskepartiet. Medpassasjerar kasta seg over han og heldt han fast heilt til flyet landa og politiet kom til.

Under rettssaka i oktober i fjor sa han seg skuldig i tiltalen.

Umar Farouk Abdulmutallab er 25 år gammal og son av ein velståande bankmann i Nigeria, og han skal sjølv ha god utdanning.

(Artikkelen fortsetter etter bildet)

Trusebomberens truse

Dette er restene av underbuksa til Umar Farouq Abdulmutallab.

Foto: ABC NEWS / AFP

- Eit velsigna våpen

Under rettssaka i fjor sa han blant anna at bomba i underbuksa var eit «velsigna våpen» som skulle hemne den dårlege behandlinga av muslimar over heile verda. Han fortalde at han hadde ein mentor i Jemen, Anwar al-Awlaki, ein kjend Al Qaida-leiar.

Al-Awlaki vart drepen i eit amerikansk droneangrep i Jemen i oktober i fjor, like før rettssaka mot trusebombaren starta.

Saka blir oppdatert

LES OGSÅ: «Trusebomberen» sier seg skyldig

LES OGSÅ: Obama mener «ensomme ulver» utgjør størst fare

LES OGSÅ: Dette er truleg bombemannen

LES OGSÅ: «Trusebomberen» sparket advokatene

SISTE NYTT

Siste nytt