Det kan ta ein heil månad å telle absolutt alle stemmene i det amerikanske valet.
Men foreløpige resultat viser at Donald Trump ikkje berre har gått av med sigeren – han har truleg også fått flest enkeltstemmer og vinn altså «the popular vote».
På grunn av det amerikanske valsystemet er det ikkje slik at kandidaten som får flest stemmer, automatisk går av med sigeren.
Valsystemet er rigga slik at dei folkerike delstatane ikkje skal få ein fordel.

Valgsystemet i USA forklart
Antall valgmenn avgjør
Amerikanerne stemmer ikke direkte på en presidentkandidat, men på valgmenn. USAs delstater har 538 valgmenn fordelt mellom seg.
En kandidat må få over halvparten av valgmennene for å vinne. Det er to partier som kan klare det, demokratene (Harris) og republikanerne (Trump).
Flere folk – flere valgmenn
Litt forenklet er det folketallet som avgjør hvor mange valgmenn hver delstat har.
California har flest innbyggere og flest valgmenn. Statene med lavest folketall har bare tre valgmenn.
Alt eller ingenting
Den som får flest stemmer i en stat, får alle statens valgmenn, uansett hvor jevnt det er. Se for eksempel på resultatet i den jevneste staten i 2020, Georgia:
Trump fikk over 2,4 millioner stemmer her, men altså ingen valgmenn.
Unntaket er Maine og Nebraska, som fordeler sine valgmenn mellom kandidatene
Stater med en klar vinner og vippestater
De fleste delstatene regnes som nesten garantert demokratiske eller republikanske. Meningsmålinger og tidligere valg viser at det egentlig ikke er kamp om seieren her. Men det finnes unntak:
Disse statene kalles vippestater, fordi de er så jevne. Her kan både Trump og Harris vinne.
Kampen om vippestatene
I årets sju vippestater er det til sammen 93 valgmenn. Slik ser fordelingen ut før valget:
Resultatene i de jevne vippestatene avgjør hvem som når grensen på 270 valgmenn. Disse statene er dermed veldig viktige for både Harris og Trump.
Førre gong ein republikansk presidentkandidat fekk flest enkeltstemmer, var i 2004 då George W. Bush vann valet.
– Å vinne folkestemma var veldig fint. Ei stor kjensle av kjærleik, sa Trump frå talarstolen under sigerstalen sin i Florida onsdag morgon.
APs målingar viser at Trump så langt har fått 72,6 millionar stemmer mot Harris' 67,9 millionar stemmer.
No er det berre opptellinga i Nevada og Arizona som gjenstår. Trump leiar også her.
UNGE MENN: Donald Trump prøvde særleg å appellere til unge menn i valkampen. Her feirar Trump-tilhengarar under ei valvake i Wisconsin.
Foto: Andy Manis / AFP«Eit lite jordskjelv»
Trump var sjølvsikker på at han kom til å vinne valet denne gongen. Men at han skulle få flest enkeltstemmer, hadde verken ekspertane eller Trump sjølv spådd.
Måndag erkjente Trump at dette ville bli vanskeleg, fordi han ikkje er populær i dei tre mest folkerike delstatane.
– Når Demokratane er størst i New York, Illinois og California, vinn dei automatisk, tåpeleg nok, sa Trump på eit folkemøte i Virginia måndag.
Sjølv om Harris fekk flest stemmer i alle desse tre delstatane, var ikkje det nok til å få flest stemmer totalt.
Eirik Løkke, USA-ekspert ved tankesmia Civita, seier at det er særs overraskande at Trump fekk flest enkeltstemmer.
Han kallar det «eit lite jordskjelv».
Trua på at Donald Trump skal ordne opp i økonomien, er sterk blant tilhengarane.
Foto: Chris Szagola / APTrump sådde tvil ved førre val
Når valvinnaren ikkje får flest enkeltstemmer, oppstår det som regel ein diskusjon rundt valsystemet.
Det har skjedd fem gonger før i amerikanske val.
Då Trump vann presidentvalet i 2016, stemte 2,9 millionar fleire amerikanarar på motkandidat Hillary Clinton.
Mange av Clintons støttespelarar brukte resultatet som argument for å endre valsystemet.
Den gong nøgde ikkje Trump seg med å berre vinne valet. Han gjekk hardt ut og sådde tvil om resultatet. «Millionar av stemmer» kan ha vore ulovlege, sa han, noko som viste seg å vere feil.
Fire år seinare vann Joe Biden «the popular vote» med ein margin på rundt 7 millionar enkeltstemmer samtidig som han tok valsigeren.
Trump-tilhengarar jublar på ei valvake i vippestaten Georgia, der Donald Trump har vunne flest valmenn.
Foto: Eloisa Lopez / ReutersEin stor fordel
Trass i at det ikkje var forventa at Trump skulle få flest stemmer i år, spekulerte New York Times på førehand i om han kunne ha ein kjangs. Avisa peikte på fleire forhold som i så fall kunne forklart utfallet.
Meiningsmålingar har vist at Trump har ein tydeleg fordel når det kjem til velgaranes viktigaste sak, nemleg økonomi. Fleire stoler meir på han enn Harris på akkurat dette punktet.
I tillegg er misnøya med Det kvite hus og sittande president Joe Biden sterk, noko som kan ha vore ein stor fordel for Trump.