Hopp til innhold

Trump fekk brev: – Det betyr nesten alltid arrestasjon

Søndag kveld skal Donald Trump ha fått eit brev frå Justisdepartementet – med beskjed om å melde seg til ein jury. No fryktar han arrestasjon og tiltale.

Donald Trump

SENTRAL DEL: Donald Trump skal vere ein sentral del i etterforskinga av storminga av Kongressen for to år sidan.

Foto: John Locher / AP

– Wow!

Slik startar Donald Trump innlegget sitt på Truth Social, før han fortel at han har fått eit brev med «forferdelege nyheiter» frå Jack Smith, som er føderal aktor i Justisdepartementet.

I brevet skal den tidlegare amerikanske presidenten ha fått beskjed om at han er mål for etterforskinga av storminga av Kongressen 6. januar 2021, og at han må melde seg til ein jury.

– Han gir meg fire korte dagar på å melde meg til juryen, som nesten alltid betyr arrestasjon og tiltale, skriv Trump.

I same post kallar han den føderale aktoren, Jack Smith, for sinnsforvirra, og justisminister Merrick Garland for korrupt. Trump viser til at han sjølv ikkje ønska Garland som justisminister då han var president.

Merrick Garland står på eit podium med USAs flagg og eit bilete av Det kvite hus bak han.

Merrick Garland blei utnemnt som justisminister av Joe Biden i 2021.

Foto: Manuel Balce Ceneta / AP

Garland har tidlegare godkjent ransaking av Trump sin private bustad i Florida i fjor.

Dette er nemleg ikkje første gong Trump må møte i retten.

I juni møtte han i retten i den såkalla dokumentsaka. Også då fekk han eit liknande brev, kalla «target letter». I denne saka blei Trump tiltalt for å ha oppbevart hemmelege dokument i sin private bustad etter at hans presidentperiode var over. I tillegg skal han ha hindra FBI i å hente ut alle dokumenta då dei bad om dei.

Han blei tiltalt på 37 punkt, kor 31 av dei var brot på USA si spionasjelov.

Donald Trump soper og løfter handa inn i ein restaurant med mange menneske rundt seg.

Etter at Trump hadde vore i retten i samband med «dokumentsaka», skal han ha reist innom ein kubansk restaurant og fått bursdagssangen sungen for seg.

Foto: Alex Brandon / AP

«Hysjpengar»

I tillegg til dokumentsaka, er Trump også tiltalt i «hysjpengesaka».

Her er Trump skulda for å ha betalt «hysjpengar» til pornoskuespiller Stephanie Clifford gjennom sin tidlegare advokat, Michael Cohen. Utbetalinga skjedde i forkant av presidentvalet i 2016.

Clifford skal ha skrive under på ei tausheitserklæring, som hadde som formål å hindre publisering av opplysningar som kunne svekt Trump sitt presidentkanditatur. Det strir med reglane for valkampfinansiering.

Dei såkalla hysjpengane skal Trump ha ført som «juridiske utgifter» i rekneskapen sin, og dermed er han også tiltalt for forfalsking av rekneskap.

Sivilt søksmål

Trump er også saksøkt i eit sivilt søksmål, av skribenten Elizabeth Jean Carroll.

I 2019 skulda Carroll dåverande president Donald Trump for å ha forgripe seg på ho på 90-talet i ein artikkel publisert i New York magazine. Trump gjekk raskt ut og avviste skuldingane, og sa at han ikkje kjente ho.

Carroll publiserte eit bilete av dei to som bevis, og saksøkte han deretter for æreskrenking. I mai i år blei han pålagd å betale ho rundt 5 millionar dollar i erstatning og oppreising. Trump anka rettsavgjerda, og saksøkte kvinna tilbake for æreskrenking og usanne skuldingar.

E. Jean Carroll på veg ut av eit rettslokale. Solbriller på, og held ei eldre dame i handa. Ein eldre mann går ved sidan av ho.

Elizabeth Jean Carroll på veg ut av rettslokale i Manhattan i mai.

Foto: Seth Wenig / AP

SISTE NYTT

Siste meldinger