Urix forklarer

Tøff haust for Merkel

Angela Merkel er svekka og må jobbe hardt dei komande vekene for å bygge ny regjering.

Angela Merkel ser ned

Angela Merkel står overfor store utfordringar når ho skal byggje ei ny regjering i Tyskland.

Foto: Markus Schreiber / AP

Det ligg eit opprør mot eliten i det tyske valet. Begge regjeringspartia går kraftig tilbake, ytre høgre fram.

Merkels kristelegdemokratar, CDU, er langt svakare enn resultat i 2013, mens den sosialdemokratiske storkoalisjonspartnaren SPD gjer det dårlagaste valet sidan krigen, og varslar at dei vil ut av regjering.

Det gjer regjeringsspørsmålet meir komplisert - for den store valvinnaren, Alternativ for Tyskland på ytre høgre fløy, vil ingen regjere med.

Jamaica-koalisjon

Det blir dermed ein krevande haust. Den mest sannsynlege regjeringskonstellasjonen no er Merkels CDU saman med dei to mindre partia Fridemokratane, FDP, og Dei Grøne. Begge desse partia har regjeringserfaring – FDP i vekslande regjeringar til høgre og venstre, mens Dei Grøne berre har site i regjering med SPD.

Utfordringa for Merkel ligg i at dei to potensielle regjeringspartnarane har temmeleg ulikt syn på alt frå miljø og skattlegging, til flyktningar.

Men oddsen for ein slik såkalla Jamaica koalisjon (partifargane svart CDU, gul, FDP og grøn, Dei Grøne, er dei same som i Jamaicas) steig kraftig då sosialdemokratane varsla at dei no ønskjer å gå i opposisjon.

Angela Merkel deltar i et TV-program på valgkvelden i Tyskland

På papiret fins to tenkelege koalisjonar når Angela Merkel no får oppdraget med å skipe ny regjering. Her deltek Merkel i ei debatt etter at valresultatet var klart.

Foto: Gero Breloer / AP

Alternativ for mange

Begge regjeringspartia har mista velgarar til den store vinnaren Alternativ for Tyskland, AfD.

Viktigaste årsak er truleg migrantkrisa i 2015 og regjeringas handtering av den. Og i forlenginga av migrantkrisa, frykt for terror og auka kriminalitet. Velkomen-politikken hadde og har mange motstandarar, og tyske velgarar har hatt innvandring som viktigaste enkeltsak i denne valkampen.

Men migrantkrise og terrorfrykt aleine forklarar ikkje AfDs framgang. Også aukande forskjellar mellom fattig og rik. For sjølv om majoriteten lever godt i Tyskland, er det eit betydeleg sjikt som sakker akterut.

Mange i denne gruppa, som heng etter i velstandsutviklinga og som føler seg framandgjort av samfunnseliten, har gått til AfD.

Alexander Gauland og Alice Weidel i AfD holder hendene over hodet

Partileiarane i AfD, Alexander Gauland og Alice Weidel, feirar valresultatet.

Foto: Martin Meissner / AP

Store endringar

Mykje har skjedd i Tyskland dei siste 10-12 åra. Eg budde sjølv i Berlin då Tyskland arrangerte fotball-VM i 2006. Då gjekk diskusjonen høgt om det var greit, også for tyskarar, å feire sine populære fotballheltar med flagg og sang i gatene. For det var ikkje sjølvsagt i Tyskland, gitt den nære, dystre historia.

Denne historiske bevisstheten, blei eg fortalt, var ein av grunnane til at det ikkje var noko parti til høgre for Merkels CDU i den tyske Forbundsdagen.

Denne valkampen har vi fått høyre ein av frontfigurane i AfD fortelle tilhengarane sine at det må være lov - også for tyskarar - å være stolte av det tyske soldatar utretta under den andre verdskrigen. Det er eit langt sprang.

No er altså AfD Tysklands tredje største parti. Det seier noko om dramatikken i dette valet. Og på mange måtar er det ein av valets taparar, Angela Merkel, som no går i gang med å byggje ny regjering.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt