NRK Meny
Normal

To personar er tekne inn til avhøyr

Politiet i Stockholm har teke inn to personar til avhøyr i samband med ranet mot verditransportsentralen i Västerberga utanfor Stockholm i dag tidleg.

Bevæpnet politi jakter ranerne utenfor Stockholm
Foto: Pontus Lundahl / Scanpix

- Vi har teke inn ein person som kan vere av interesse i utgreiinga av ranet. Dette skjedde no nyleg i ein forstad til Stockholm, sa Christian Agdur, som er sjef for den operative avdelinga i Stockholmspolitiet under ein pressekonferanse på Kungsholmen i Stockholm i ettermiddag.

Seinare blei enda ein person pågripen. Han var etterlyst fordi han ikkje hadde møtt til soning.

- Sjølvsagt vil vi også snakke med han om ranet, seier pressetalsmann Kjell Lindgren.

Han seier at ingen av dei to enno er avhøyrde.

- Først må vi sjekke nokre opplysningar, seier han til Aftonbladet.

Lindgren seier ingen førebels er mistenkt for sjølve ranet.

Les også: Ranere slo til i helikopter

Ranshelikopteret er funnet

- I denne typen saker, er det ikkje uvanleg at personar vert teke inn for å skaffa mest mogleg informasjon, seier Stockholmspolitiet, som ikkje vil seie at den fyrste som blei tatt er gripen.

Politiet ville under pressekonferansen heller ikkje kommentere om personen er mistenkt for å ha vore med på ranet.

Les også: Slik satte de politiet ut av spill

- Fleire maskerte gjerningsmenn

Stockholmspolitiet sa under pressekonferansen at det var fleire gjerningsmenn under ranet, men ville ikkje kommentere kor mange det dreidde seg om. Gjerningsmennene var maskerte.

Ranet vert skildra som velorganisert og godt planlagt, og politiet meiner gjerningsmennene har svært bra teknisk utstyr.

Kommenterer ikkje utbyte

Stockholmspolitiet vil ikkje uttale seg om kor mykje pengar ranarane fekk med seg og svarte heller ikkje på spørsmål om kor mange stader ransutbyte kunne ha teke vegen.

Les også: Sverige er på ranstoppen

- Så vidt vi veit har helikopteret gått inn frå Västerberga nordvest over Ekerö og etterpå landa i Vallentunatrakten, sa politiet.

Det skal ha vore 21 tilsette i verditransportsentralen då ranet skjedde. Politiet vil ikkje kommentere om nokre av desse kommuniserte med ranarane, men seier at ingen vart fysisk skadde under ranet.

- Gjennomført med militær presisjon

Kriminologen Leif G W Persson meiner det er personar med store ressursar som står bak ranet.

- Dei kan har erfaringar frå liknande operasjonar militært. Det kan også vere slik at dei er aktive og kompetente yrkesforbrytarar. Dei har kanskje rana verditransportar tidlegare, seier han til SVT .

Persson meiner ranarane må ha vore rundt ti stykk for å klare å utføre ranet. Tre personar som tok seg inn i verditransportsentralen, piloten og i tillegg nokre som sikra flyktvegane.

- Høg kompetanse kan felle ranarane

At ranarane var så mange kan auke sjansen for at ranet vert oppklart, trur han.

- Det inneber alltid ein risikofaktor, for på noko tidspunkt er det nokon som tek til å bruke for mykje av pengane, og nokon andre som seier meir enn dei bør, seier han.

Ei høgtståande politikjelde, som er direkte innblanda i etterforskinga, meiner ranarane må ha hatt medhjelparar på innsida.

- Ranarane må ha hatt tilgang til teikningar og annan detaljert informasjon om korleis dei kunne ta seg inn og korleis dei skulle orientere seg inne i tellesentralen, seier politikjelda, som vil vere anonym, til nyhendebyrået TT.

"Våpen utanom det vanlege"

Politiet jobbar no med å få oversikt over moglege gjerningsmenn. Ifølgje den anonyme kjelda er det ikkje mange som kan vere aktuelle. Vedkomande meiner ein eller fleire av ranarane truleg har militær trening og bakgrunn, "truleg frå ein annan stad enn Sverige".

Kjelda fortel også at ranarane var væpna med "våpen utanom det vanlege".

Helikopteret som vart brukt under ranet vart funne i eit skoghald tre-fire mil frå Västberga klokka 08.15 i dag.

Det hadde landa svært nær ti-tolv meter høge tre, og rotorblada hadde berre få meters klaring frå trestammane. Politiet meiner det syner at piloten er svært dyktig.

- Ei så komplisert landing ville knapt eit svensk ambulansehelikopter klart å gjennomføre, seier ein politimann.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt