Hopp til innhold

Politiet har to mistenkte etter Boston Marathon-terroren

Politiet i Boston publiserte i kveld bilete og video for å få hjelp til å lokalisere dei mistenkte. – Me går ut ifrå at dei er væpna og ekstremt farlege.

  • To menn er mistenkte etter Boston-terroren
  • FBI har publisert video og bilete av dei mistenkte
  • – Ingen bør nærme seg dei mistenkte, seier FBI

Det føderale politiet i USA stadfesta torsdag kveld at to personar er mistenkte etter Boston Marathon-terroren, der tre personar vart drepne og 176 såra.

– Me har fått tusenvis av tips etter terroråtaket. I løpet av dei siste dagane peika me ut ein av dei mistenkte. Ved god hjelp av mange politieiningar har me no også peika ut ein andre mistenkt, stadfesta FBI på ein pressekonferanse torsdag kveld.

Mistenkt nummer ein er ein mann kledd i mørk jakke og ein mørk baseballcap den dagen terroråtaket skjedde. Mistenkt nummer to hadde på seg kvit cap på overvakingsbileta. Mistenkt nummer to skal ha blitt observert utanfor ein restaurant rett før eksplosjonane skjedde.

Bileta viser dei mistenkte gåande ned Boylston Street i nærleiken av målstreken. Politiet har opplysningar som tilseier at dei to mistenkte kjenner kvarandre.

Etterforskerne i Boston viste torsdag fram bilder av de to som mistenkes for bombeaksjonen.

Etterfoskarane frå FBI viste torsdag kveld fram bileta av dei to mistenkte.

Foto: Reuters/NTB scanpix

– Ekstremt farlege

FBI oppfordrar alle som har kjennskap til dei mistenkte om å kontakte politiet. Men dei åtvarar mot å nærme seg mennene.

– Me går ut ifrå at dei begge er væpna og ekstremt farlege. Ingen bør nærme seg desse mennene, seier politiet.

Politiet seier dei reknar med å publisere fleire bilete med betre oppløysing etter kvart. Dei seier at dei er avhengige av tips frå folk for å arrestere mennene.

– Med hjelp frå media vil desse bileta bidra til at folk kan hjelpe oss med å lokalisere dei. Nokon kjenner desse menneska. Me stolar på at dei som har informasjon vidareformidlar den til oss, sa FBI som understreka at ingen opplysningar er for små.

  • Sjå overvakingsvideoen her:
FBI gikk torsdag kveld ut med bilder og video av to mistenkte personer i forbindelse med bombingen under Boston Marathon.

Overvåkningsvideo av de mistenkte etter Boston-bombinga

Vidare understreka politiet at dette er dei einaste bileta folk bør bruke for å assistere politiet. Det har i fleire dagar versert mange uoffisielle overvakingsbilete av potensielle mistenkte på sosiale media som på Twitter og Reddit.

Frakta i bagar

Politiet kom tidlegare i dag med fleire opplysningar om dei mistenkte til CNN. Ein av mennene skal ha snakka i mobiltelefon før han tok med seg ein svart bag. Han forlét området hurtig før bombene vart detonert. Han ska ha hatt på seg ein kvit baseballcap, ein lys hettegenser og ei svart jakke. Politiet skal jobbe frå ein teori om at bombene vart frakta til åstaden i svarte bagar eller ryggsekker.

Det gjekk onsdag rykte om at ein person allereie vart arrestert i saka, men dette vart etter kvart tilbakevist av politiet.

Tidlegare i kveld vart ofra heidra av Barack Obama under ein seremoni i ei kyrkje i Boston.

– Eg er her på vegner av det amerikanske folket med ein enkel beskjed: Alle har blitt rørt av angrepet på byen. Alle står saman med dykk. For det er også vår by. Boston er kanskje heimbyen dykkar, men me har også eigarskap til den. Det er ein av USA sine ikoniske byar. Ein av dei store byane i verda, sa Barack Obama i tala.

Sjå Obama sin minnetale her:

Den amerikanske presidenten Barack Obama talte under ein minneseremoni i Boston for å heidre offera etter terroraksjonen.

Obama: – Terroristane valte feil by

SISTE NYTT

Siste nytt