Hopp til innhold

Barack Obama til Boston: – De vil springe igjen

Det amerikanske presidentparet, Michelle og Barack Obama, deltok på ein minneseremoni i Boston for å heidre offera etter terroraksjonen sist måndag.

Den amerikanske presidenten Barack Obama talte under ein minneseremoni i Boston for å heidre offera etter terroraksjonen.

Barack Obama rosa heltemotet befolkninga i Boston viste i etterkant av terroraksjonen. Sjå heile talen til Obama her.

Boston-maraton

Ein joggesko og eit amerikansk flagg er festa ved maraton-ruta for å minnast ofra.

Foto: Don Emmert / Afp

Under den interreligiøse seremonien talte president Barack Obama for å minnast offera for terrorbombene.

Seremonien føregjekk i Cathedral of the Holy Cross, Den heilage krosskatedralen i Boston.

– På denne tida neste år vil verda returnere til denne fantastiske byen og springe hardare enn før for den 118. Boston maraton. Det kan de vedde på, nærast ropte Obama til ein ståande applaus.

Han nytta tala til å berømme befolkninga i Boston for heltemotet dei viste i etterkant av terroraksjonen. Obama slo fast at eit samla USA sto saman med folket i Boston.

– Eg er her på vegne av det amerikanske folket med ein enkel beskjed: Alle har blitt rørt av angrepet på byen. Alle står saman med dykk. For det er også vår by. Boston er kanskje heimbyen dykkar, men me har også eigarskap til den. Det er ein av USA sine ikoniske byar. Ein av dei store byane i verda, sa Barack Obama i tala.

Presidenten kom med ein klar symbolsk oppmoding til byen om å halde fram med å springe.

– De vil springe igjen. Det har eg ingen tvil om; de vil springe igjen. For det er det folket i Boston er lagd av.

– Valte feil by

– Dersom dei som gjorde dette, ville terrorisere og skremme oss, burde det vere ganske openbart at de valte feil by å gjere det i, sa Obama.

Vidare kom Obama med ei klar lovnad om at styresmaktene vil gjere det dei kan for å finne gjerningspersonane etter terroren.

– Me vil finne dykk, og halde dykk ansvarlege.

Mange av dei som var til stades under minneseremonien, var kledd i treningsklede, for å heidre deltakarane under Boston maraton.

Fleire av dei som tala under markeringa, heidra både sivile og redningsmannskap som hjelpte dei såra med fare for sine eigne liv då terroren råka Boston.

Også guvernøren i Massachusetts, Deval Patrick, talte i kyrkja. Han mintes dei tre drepne, Krystle Campbell (29), studenten Lingzi Lu og vesle Martin Richard (8).

– I ein mørk time har så mange av dykk vist så mange av oss at mørkret ikkje kan drive bort mørkret. Berre lyset kan gjere det, som Martin Luther King Jr. sa. Me skal reise oss, sa guvernøren.

To kvinner og ein åtte år gammal gut vart drepne, og 176 menneske vart såra i dei to bombeeksplosjonane, som er den verste terrorrelaterte hendinga i USA sidan 11. september 2001.

Barack Obama under minneseremoni i Boston

Michelle og Barack Obama deltok på ein minneseremoni for terroroffera i Boston. Til høgre guvernøren i Massachusetts Deval Patrick.

Foto: JEWEL SAMAD / Afp

Kritisk for ti såra

Torsdag føremiddag norsk tid var framleis over 60 av dei såra innlagde på sjukehus. For 10 av dei er tilstanden kritisk, blant dei ein fem år gammal gut.

Boston Marathon-eksplosjon

Tre menneske vart drepne og over 160 såra i eksplosjonane under Boston maraton.

Foto: Ap-Charles Krupa / privat / Montasje

I går kveld norsk tid melde blant andre CNN at ein mann vart arrestert for å ha stått bak udåden i Boston, men politiet var raskt ute med å avvise dette . Det synest likevel klart at politiet har ein overvakingsvideo som viser ein person som set frå seg ein bag eller ryggsekk om lag der ein av eksplosjonane skjedde.

LES OGSÅ: Rettslokale i Boston evakuert etter falsk bombetrussel

Fleire kjelder i politiet sa i går at eit gjennombrot i saka var nært føreståande, og det har vore håp om at gjennombrotet kunne kome før minneseremonien i ettermiddag norsk tid.

– Kan vere to mistenkte

Amerikanske medium har sitert anonyme kjelder i Boston-politiet på at det kan vere to moglege mistenkte , og at begge to skal ha vore på overvakingsvideoen som politiet no studerer.

Ein av dei to mennene skal ha snakka i mobiltelefonen før han sette frå seg ein svart bag. Han forsvann frå åstaden like før bombene vart utløyste. Han skal ha hatt på seg ein kvit baseballcap, ein lys hettegenser og ei svart jakke.

Rester av bombe i Boston, kabler og batteri

Dette er restane av ei av bombene som gjekk av under Boston maraton.

Foto: Reuters / Reuters

Politiet går no gjennom loggane til mobilselskapa i håp om kunne knyte personen på videoen til ein mobilsamtale. Truleg arbeider politiet hardt med å identifisere personen eller personane på overvakingspolitiet.

Trykkokar-bomber

To trykkokarar fylte med eksplosiv, spikar og splintar var hovudingrediensane i dei to bombene, som truleg vart utløyste via ein tidsmekanisme og ikkje med fjernkontroll. Lokket tilhøyrande dei eine trykkokaren vart seinare funne på taket av eit hotell like ved.

Terroraksjonen skjedde ikkje langt frå målflagget under Boston maraton, rundt tre timar etter at vinnaren av eliteklassa hadde kome i mål.

LES OGSÅ: Rettslokale i Boston evakuert etter falsk bombetrussel

LES OGSÅ: Trur Boston-bomber var heimelaga

SISTE NYTT

Siste meldinger