To åtak etter trugselheving i Canada

Canada opplever fleire valdelege åtak etter at styresmaktene heva trugselnivået sist fredag.

Ein væpna politimann utanfor parlamentet under eit åtak

Store politistyrkar er i sving i Ottawa i Canada torsdag som følgje av skyting i og utanfor parlamentet.

Foto: Sean Kilpatrick / Ap

Politi og augevitne melder om skyting fleire stader i og rundt nasjonalforsamlinga i Ottawa, Canada torsdag. Ein gjerningsmann er stadfesta død, men politiet trur fleire væpna angriparar står bak og søkjer dekning bak pansra køyretøy medan dei evakuerer området.

Det blir no spekulert i om anslaget har ein samanheng med drapet på ein soldat i Quebec onsdag. Gjerningsmannen, ein mistenkt militant islamist 25-åring som hadde vore under overvaking av antiterror-etaten i Canada, blei skoten og drepen av politiet då han flykta frå åstaden.

Dette skjer dagar etter at kanadiske styresmakter i det stille heva trugselnivået i landet frå lågt til middels sist fredag, ifølgje Global News.

Har sendt bombefly til Irak

Canada justerer opp trugselnivået for første gong på fire år fordi «etterretningsinformasjon indikerer at ein person eller ei gruppe i eller utanfor Canada har eit ønske og kapasitet til å utøva terrorhandlingar», ifølgje talsmann for styresmaktene Jean-Christophe de Le Rue.

Han viser til ein auke i «generell prat frå radikale islamistorganisasjonar som IS, al Qaida, al-Shabaab og andre som utgjer ein klar trugsel mot kanadiske borgarar».

Styresmaktene avviser likevel at det er ein spesifikk trugsel som har fått Canada opp på tåhev.

Ministeren for offentleg tryggleik, Steven Blaney, har omtala drapet på soldaten i Quebec som «tydeleg relatert til terrorist-ideologi».

Åtaket skjedde medan kanadiske bombefly drog ut på oppdrag for å kjempa mot terrorgruppa Den islamske staten (IS) i Irak, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

IS skal i september ha truga med at eit slikt scenario ville oppstå dersom Canada bidrog militært i den USA-leidde offensiven mot terrorgruppa.

Ein reporter frå The Globe and Mail var inne i parlamentet og tok bilete under skotvekslinga. Sjå den dramatiske videoen:

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt