Det var 278 passasjerar i flyet, ein Airbus 330 frå Northwest Airlines, på veg frå Amsterdam i Nederland til Detroit i Michigan i USA. Det var mot slutten av flyturen at passasjeren tok fram fyverkeriet og tende på.
Passasjeren vart raskt overmanna av andre passasjerar, opplyser Susan Elliott, talskvinne for Delta, morselskapet til Northwest Airlines til CNN.
Til sjukehus
Ein passasjer skal ha blitt send til sjukehus i Detroit, men det er uklart om dette var fyverkeri-mannen sjølv eller ein av dei andre om bord.
Det amerikanske føderale politiet FBI etterforskar no saka.
Flyet landa trygt på flyplassen i Detriot rundt klokka 12 lokal tid, klokka 18 norsk tid.
ABC News melder at den pågripne mannen er nigeriansk statsborgar, og at han skal ha vore på flyselskapa si liste over terror-mistenkte som ikkje skal sleppast om bord på amerikanske fly.
Al Qaida
Fjernsynskanalen melder også at mannen skal ha sagt at han handla på oppdrag frå Al Qaida-nettverket. ABC kan også fortelje at det ikkje er snakk om fyverkeri, men at det truleg var eit slags pulver.
Mannen skal ha henta stoffet i Sudan, der han også fekk opplæring i korleis han skulle bruke det. Målet skal ha vore å sprengje flyet i lufta over amerikansk jord, heiter det hos ABC News.
Men ingen av desse opplysningane er stadfesta av andre kjelder.
Det skal ikkje vere mogleg å få med seg fyrverkeri om bord på eit fly. Det er uklart korleis mannen har fått det med seg forbi tryggingskontrollen.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: