Hopp til innhold

Flyet hamna nesten i havet

Flyet som sklei av rullebana på flyplassen i Kingston på Jamaica natt til onsdag, hamna nesten i Det karibiske hav.

Video nsps_upload_2009_12_23_22_15_31_2312.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Slik vart flyet liggjande i fjøresteinane utanfor flypalssen.

Ein skadd passasjer blir trilla bort i rullestol.

Ein skadd passasjer blir trilla bort i rullestol.

Foto: Lloyd Robinson / Scanpix/AP

LES OGSÅ: Fly skled av rullebanen og krasjet

Det var ein Boeing 737-800, eitt av dei nyaste flya til American Airlines, som sigla ut av rullebana, gjennom eit gjerde og over ein veg, før det stansa med eit brak l fjøresteinane utanfor flyplassen.

Kraftig regn

Det var kraftig regn då ulukka skjedde.

Til allt hell var det ingen som miste livet, men minst sju menneske vart tekne til sjukehus for behandling av for det meste brotskadar og skrubbsår.

Slik vart flyet liggjande etter krasjlandinga

Slik vart flyet liggjande etter krasjlandinga.

Foto: APTV

Det var 148 passasjerar og eit mannskap på seks om bord i flyet, som kom frå Ronald Reagan nasjonale flyplass i Washington DC via den internasjonale flyplassen i Miami.

Passasjerane applauderte då¨flyet tok bakken på Norman Manley internasjonale flyplass klokka 04.22 norsk tid natt til onsdag, klokka 22.22 tysdag kveld lokal tid. Dei var i hovudsak turistar på veg frå kulden i det nordaustlege USA til å feire ei varm jul på Jamaica.

Kraftig smell

Men applausen for det alle trudde var ei normal landing, la seg fort. LIke etterpå kjem eit kraftig smell, før oksygenmaskene med eitt ramlar ned frå taket.

- Det gjekk ei stund før vi oppdaga at flyet faktisk var i ferd med å skli ut av rullebana. Så plutseleg vart alt svart, og vi stansa med eit brak, seier passasjeren Natalie Morales Hendricks til fjernsynsprogrammet Today's Show på NBC.

- Det var masse blod, det var kaos. Det lukta sterkt av flybensin, held ho fram.

- Alt eg veit er at flyet landa og så fall frå kvarandre. Då vi stansa sprang alle mot naudutgangane, seier passasjeren Betrie Carr-Cameron til nyheitsbyrået AFP.

Motor fall av

Ein av motorane på flyet fall av, og kroppen på flyet vart sterkt deformert av den harde landinga.

Amerikanske etterforskarar kom i kveld til Jamaica for å prøve å finne ut kva som skjedde då Flight 331 nesten hamna i sjøen.

Fleire passasjerar klaga over at det tok lang tid før hjelpemannskapa kom fram til flyet, men ein talsmann for American Airlines seier at det tok berre fem minutt før dei var på plass.

Betrie Carr-Cameron er sikker på at det tok minst 20 minutt før dei fekk hjelp.

- Kva hadde skjedd om det hadde brote ut brann? Då hadde vi alle mist livet, seier ho.

Flykroppen har tydeleg fått seg ein knekk

Flykroppen har tydeleg fått seg ein knekk.

Foto: APTV

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt