Dette går fram av ei fråsegn den islamistiske opprørsgruppa har sendt ut.
- Det bør setjast ned ein komité som skal etterforske drap på sivile over heile Afghanistan, heiter det i fråsegna. Og gruppa bør bestå av Taliban, som kallar seg Det islamske emiratet i Afghanistan, NATO-styrken, Organisasjonen av islamske land og menneskerettsgrupper i FN.
Drap på sivile auka med 31 prosent dei første seks månadene i år, viser tal frå FN. Eit stort fleirtal av drapa på sivile skuldast vegbomber og andre bombeangrep som Taliban og andre opprørsgrupper står bak.
Taliban meiner at drap på sivile blir brukt som propaganda av vestlege medium, medan meldingane om sivile dødsfall etter angrep frå den internasjonale styrken, blir ignorerte.