Hopp til innhold

Taliban drap 16 i Kabul

Seks ISAF-soldatar og 10 sivile vart drepne i ein sjølvmordsaksjon i den afghanske hovudstaden Kabul i dag.

Video nsps_upload_2009_9_17_12_17_32_1860.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Alle dei seks soldatane tilhøyrde den italienske kontingenten i den NATO-leidde ISAF-styrken.

Den islamistiske opprørsgruppa Taliban var raskt ute med å ta på seg ansvaret for sjølvmordsaksjonen.

55 menneske vart såra i angrepet, som skjedde like ved vegen til flyplassen i Kabul, rundt 1,5 kilometer frå den amerikanske ambassaden.

Sprengstoff i bil

Mange bygningar vart øydelagde i eksplosjonen.

Mange bygningar vart øydelagde i eksplosjonen.

Foto: Ahmad Massoud / AP

Ein mann køyrde ein bil fullasta med sprengstoff inn i eitt av køyretya i NATO-kolonna, og eksplosjonen var enorm, fortel augevitne. Fleire av bilane til ISAF-styrken vart totalt øydelagde, medan andre igjen ekk store skadar.

Fleire bygningar vart også øydelagde i den kraftige eksplosjonen.

Ein talsmann for det afghanske innanriksdepartementet, Zemarai Bashary, opplyser at 21 butikkar vart øydelagde i eksplosjonen, medan sju køyrety vart øydelagde.

NATO-soldatar

Det italienske forsvarsdepartementet har stadfesta at seks italienske soldatar miste livet i angrepet. Men forsvarsminister Ignazio La Russa seier at angrepet ikkje vil skremme Italia ut av Afghanistan.

Han fortel at 10 italienske fallskjermsoldatar køyrde i to pansra bilar då sjølvmordsbombaren slo til.

Det er rundt 3250 italienske soldatar i Afghanistan.

Dette er eitt av dei verste enkeltangrepa mot dei over 100.000 utanlandske soldatane i Afghanistan sidan krigen starta for snart åtte år sidan.

Til saman 365 utanlandske soldatar frå USA og NATO er drepne i Afghanistan hittil i år.

Minst 16 menneske vart drepne i sjølvmordsangrepet i Kabul

Minst 16 menneske vart drepne i angrepet i Kabul.

Foto: Manish Swarup / AP

SISTE NYTT

Siste nytt