Hopp til innhold

Sverige: Fleire IS-tilhengjarar dømde for grove brotsverk etter at dei vende heim

Kvar tredje IS-tilhengjar frå Sverige har vore innblanda i brotsverk etter at dei vende heim igjen, viser ei kartlegging SVT har gjort.

En 31-åring från Vivalla i Örebro misstänks för mord i sitt bostadsområde i juli förra året

Ein 31-år gammal mann vedgår at han gjekk til angrep på ein ung mann i Örebro i fjor. Men han nektar for at målet var å drepe han. 31-åringen er ein av rundt 150 som har vendt tilbake til Sverige etter å ha vore med i jihadist-grupper i Syria og Irak.

Foto: Svensk politi

Örebro, sommaren 2018. Ein 31 år gammal mann blir filma av naboar når han og fleire andre går til angrep på ein ung mann som ligg på bakken.

Mannen som – ifølgje politiet – stikk offeret med ei saks, er mistenkt for drap.

Han er også ein av dei rundt 150 personane som har reist frå Sverige for å bli med i terrorgruppa IS og andre valdelege jihadist-grupper i Syria og Irak – og så har vendt tilbake.

Grove brotsverk

SVT har kartlagt 41 av desse 150. Kartlegginga viser at ein tredel av dei, 13 personar som alle er menn, er dømde eller mistenkte for brotsverk etter at dei kom tilbake til Sverige.

Dei er mellom anna dømde for narkotikabrotsverk, tjuveri, grovt heleri, bedrageri, grov utpressing, grov mishandling og kvitvasking av pengar. Fleire har også vore innblanda i skattesvindel.

Tolv av dei som SVT har kartlagt, er kvinner. Ingen av dei er dømde for noko brotsverk.

Två män från Göteborg dömdes till livstids fängelse för att ha begått terroristbrott i Syrien.

To menn frå Göteborg er dømde til fengsel på livstid for å ha gjennomført terrorangrep i Syria. Dei alvorlegaste bevisa var biletmateriale som viser korleis to menn får halsen kutta av.

Foto: Svensk politi

Fengsel på livstid

Av dei som har vendt tilbake, er det to menn frå Göteborg som er dømde for terror.

Politiet ransaka huset til ein av dei, ein 33-åring, i samband med ei narkotikasak. Då fann dei eit USB-kort med filmar og bilete som viser to menn i Syria som blir halshogde.

33-åringen og ein annan heimvendt syriafarar frå Göteborg blei dømde til fengsel på livstid for terror. 33-åringen blei også dømd for grov utpressing i samband med narkotikasaka.

Det svenske tryggingspolitiet, Säpo, vil ikkje gå i detalj om kva dei gjer for å følgje opp heimvende ekstremistar. Men pressesekretær Gabriel Wernstedt stadfester at dei følgjer ein del kriminelle enkeltpersonar i ulike ekstremistgrupper, folk som kan tenkjast å utføre terror.

SISTE NYTT

Siste nytt