Hopp til innhold

Sverige er på ranstoppen

Ranet i Västberga utanfor Stockholm i dag tidleg er ikkje det einaste spektakulære ranet i Sverige.

En pengetransportsentral i Västberga utenfor Stockholm ble tidlig onsdag morgen utsatt for et spekta
Foto: Pontus Lundahl / Scanpix

- Vi har hatt færre grove ran mot verditransportar dei to siste åra, men ligg nok framleis på topp blant landa i Norden, seier Tor Modin ved svenske Rikskriminalens etterretningsteneste.

Les også: Ranerne slo til i helikopter

- Færre spektakulære ran

Statistikk på europeisk nivå, syner at berre Storbritannia, Frankrike og Polen, som alle har langt fleire innbyggjarar enn Sverige, hadde fleire verditransportran enn landet i perioden mellom 1998 og 2004.

Tal frå svenske Brottsförebyggande rådet syner at rana dei siste fem åra har vore vel så mange.

Medan landet i perioden frå 1998 til 2004 hadde mellom 26 og 60 ran mot verditransportar årleg, har det same talet i åra etter lege mellom 41 og 58 ran.

- Ser vi på alle typar ran mot verditransportar, også der gjerningspersonane får med seg ei lita veske med pengar, så er talet framleis høgt, men talet på spektakulære ran der det vert brukt sprengstoff slik vi såg i dag har gått ned kraftig dei to siste åra, seier Modin.

- Årsaka er at verditransportane har auka tryggleiken og at fleire av dei som har gjennomført desse rana har vorte fengsla i denne perioden, legg han til.

- Etterliknar kvarandre

Forklaringa til at Sverige likevel er med på toppen av ransstatistikkane ligg i eit stort kriminelt miljø.

- Vi ser at så snart nokon har lukkast med slike store ran, så har andre etterlikna desse, seier Modin, som understrekar at politiet no har eit bra grep om kor mange personar som kan vere i stand til å gjennomføre ran som det mot pengeverdisentralen utanfor Stockholm i dag.

Store summar

Mellom 1998 og 2004 låg Sverige også som nummer fire på lista over land der ranarane hadde fått tak i mest pengar. I løpet av seksårsperioden vart over 450 millionar kroner stolne frå verditransportar i Sverige.

Dagens ran, som kom kun få dagar før løns- og pensjonsutbetalingane skulle inn på konto, vil truleg leggje mangfaldige millionar til denne summen. Ifølgje Dagens Industri kan det ha vore større pengesummar enn vanleg i verditransportsentralen.

Les også: Slik satte de politiet ut av spill

Den svenske kriminologiprofessoren Leif GW Persson trur det kan ha vore så mykje som ein milliard svenske kroner i verditransportsentralen i Västberga som vart rana i dag. Det seier han til Expressen.

Sjekkar område for sprengstoff

Dette vil ikkje pressetalsmann Bjørn Engström i Rikspolisstyrelsen i Sverige kommentere.

- Det vert spekulert mykje, men dette kan vi ikkje seie noko om. Selskapet som har hand om depotet har framleis ikkje kome seg inn for å sjekke kor mykje som er vekke, seier han.

- Politiet må fyrst sjekke heile området for sprengstoff, og vi kan ikkje sleppe andre inn før dei tekniske undersøkingane er ferdige, seier han.

Les også: - Kunne ikke skjedd i Norge

SISTE NYTT

Siste nytt