Hopp til innhold

Serbarar storma FN-domstol i Mitrovica

Fleire hundre serbiske demonstrantar storma i dag ein domstol i Mitrovica nord i Kosovo, og bytte ut FN-flagget med eit serbisk flagg.

Serbisk flagg
Foto: ATTILA KISBENEDEK / AFP

Domstolen som vart storma er driven av FN.

Dei serbiske innbyggjarane i byen har demonstrert utanfor bygningen i fleire veker etter at Kosovo erklærte seg uavhengig i februar.

I dag tok demonstrantane seg inn i bygget, og FN-politi som sto for vakthaldet, trekte seg attende.

Demonstrantane bytte ut FN-flagget med eit serbisk flagg. Det fortel ein talsmann for Kosovo-politiet.

- Den regionale FN-representanten forhandlar med serbiske leiarar for å løyse situasjonen, seier polititalsmann Besim Hoti.

Mitrovica er delt mellom 20.000 serbarar nord i byen og 80.000 kosovoalbanarar sør i byen.

SISTE NYTT

Siste nytt