45 år gamle David Miliband tapte kampen om leiarvervet i Labour.
Det var veslebror Ed (40) som slo han med ein margin på litt over 1 prosentpoeng.
No trekker storebror seg frå toppolitikken.
- Les:
Til bakre rekkjer
David vil ikkje lenger sitte i skuggeregjeringa til Labour, og vil no heller konsentrere seg om rolla si i parlamentet.
– Eg vil sikre meg at eg kan støtte han på best mogleg måte. Eg trur eg gjer det best frå dei bakre rekkjer, seier han til BBC.
- Les:
Allereie etter valet i helga uttrykte han at han var usikker på si framtidige rolle i partiet, og sa då at han ville diskutere framtida si med kollegaer.
Til BBC seier han i dag at han aldri var i tvil om at han ville trekkje seg, men at han likevel ville ta tre-fire dagar til å diskutere saka saman med familien.
– Ikkje overraskande
Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold følgjer godt med på britisk politikk, han er ikkje overraska.
– Nei, dette har vore venta dei siste to dagane. Eg trur nok David Miliband helst hadde ønskt å vente med dette, men han var tvungen til å varsle fordi ei ny skuggeregjering no skal veljast.
– Dette viser jo kor bitter denne striden var mellom brørne. Men det er godt for Labour at striden blir i familien, seier han til NRK.
I går heldt Ed sin første tale som ny leiar av partiet. London-korrespondent Gry Blekastad Almås var ikkje imponert:
- Les:
Ber pariet støtte broren
Storebror Miliband ber Labour samle seg om Ed som den nye leiaren av partiet, og seier at han ikkje kjem til vere med i noko offentleg diskusjon med broren.
– Om eg har noko å seie til Ed, vil eg seie det til han privat, seier David.
Han seier samtidig at han ikkje avviser at han kan kome til å gjere comeback ved eit seinare høve.
Ed sa allereie før han visste kva David ville bestemme seg for, at: «Eg veit at han vil gi store bidrag til politikken også i framtida og at han vil ha ulike måtar å gjere det på, uansett om han er i eller utanfor skuggeregjeringa.»