Hopp til innhold

Støre og Guterres på same fly til Glasgow: Vi treng forpliktande vedtak

Jonas Gahr Støre og FNs generalsekretær António Guterres sat på kvar si side av midtgangen i flyet på veg til klimatoppmøtet. Men i klimasaka er dei på same side.

Jonas Gahr Støre og FNs generalsekretær António Guterres på et fly fra Amsterdam til Glasgow. De sitter på hver sin side av midtgangen og ser inn i kameraet, med hver sin ansiktsmaske på. Guterres har lys blå skjorte og rødt slips, Støre har mørk genser med hvit skjorte under.

Jonas Gahr Støre og FNs generalsekretær António Guterres på flyet frå Amsterdam til Glasgow. Her blir dei fotograferte av NRKs reporter som reiste med same flyet.

Foto: Eivind Molde / NRK

På spørsmål om Støre hadde ein kommentar til innsatsen til 20-landa for å nå målet om 1,5 grader, var statsministeren tydeleg:

– Det vi treng i Glasgow er forpliktande vedtak. Det er for stor avstand mellom dei kutta som landa har lova, og det målet vi skal nå. Det er ikkje veldig mange konkrete forpliktingar, verken i form av pengar eller utsleppskutt, svarte statsministeren, som er redd lovnadene blir for generelle.

– Men haldninga er rett. Så får vi sjå når vi kjem til Glasgow. Vi må regne med at denne konferansen vil gje resultat. Det vil vi jobbe for, la Støre til.

Det er knytt høge store forventningar til dei politiske vedtaka som kan kome på COP26.

Men fleire har uttrykt uro over at forventningane er blitt for store. Blant dei er FN-sjefen som sit på andre sida av midtgangen på flyet.

Støre har likevel håpet, trass i uroa han føler på.

– Er uroleg for at det berre blir overskiftar

Han seier at han er glad for at G20-landa vart samde om eit mål på 1,5 grader, som er meir forpliktande i Parisavtalen, som sette grensa på 2,0. Det er trass alt ein framgang, meiner Støre.

– Det motsette ville vore veldig negativt, så dei seier dei riktige tinga. Men eg er veldig uroleg for at det blir ganske generelt og på overskrifts-nivå. Så dei må bli utfordra når dei kjem til Glasgow.

Han peiker på at på klimatoppmøtet skal det handle om skog, om metan, om utslepp og det skal handle om finansiering.

– Så får vi gå etter og sjå etter at det er ekte vare det som blir lagt på bordet.

Håper fleire land følgjer Noreg

– Vil du utfordre kollegaene dine som kjem til Glasgow?

– Ja, i den grad eg får høve til det. Vi har jo ei dobling på klimafinansiering som er pengar vi løyver frå budsjetta våre. Og eg håper fleire land vil gjere det same.

Støre peikar på at fleire nivå er viktige.

– Det er å halde 1,5-gradersmålet levande. Få til forpliktande tilsegner på skog, og finansiering der u-land og industriland kan gå vekk frå kol.

Har verken teknologi eller pengar til endring

Støre seier han diskuterte med FNs generalsekretær om bord på flyet, og at Guterres sa at mange land ønsker å gå vekk frå kol.

– Men dei har ikkje teknologien, og dei har ikkje pengane. Så vi må få dette til å skje, slik at dei kan få det til.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide blir ein nøkkelperson.

– Han skal leie forhandlingane på at vi skal ha et rekneskap for dette, slik at vi kan måle kutta. Det er heilt naudsynt, og avgjerande viktig.

Støre seier at dette blir viktig i alle møta framover.

– Det er fordi dette er det høvet landa i verda har til å trekke saman. Så vi får passe på verdiane vi legg i orda. Og når eg seier «avgjerande viktig», så understrekar eg at dette har veldig stor betydning.

Han strekar under at jobben ikkje vert gjort ferdig på klimatoppmøtet.

– Også etter Glasgow må vi jobbe vidare. I Noreg er vi ganske samstemte om at vi skal nå eit felles mål.