Alle britar over 18 år vil få tilbod om ei tredje dose vaksine mot Covid-19 for å hindre at tusenvis av menneske blir alvorleg sjuke og døyr.
– Ingen bør vere i tvil om at det kjem ei flodbølgje med Omikron-tilfelle, sa statsminister Boris Johnson i ein tale til nasjonen søndag kveld.
Den opprinnelege planen var at dosane skulle setjast før slutten av januar, men dette blir no framskunda på grunn av omikron-varianten, melder britiske medier.
Skal lære opp nye
Dette er dei sentrale tiltaka som blei varsla i kveld, melder BBC:
- 42 militære planleggingsteam skal sendast ut for å dekke opp heile landet, og bistå med å gi vaksinar
- Ekstra vaksinasjonsstadar og og mobile klinikkar skal setjast opp over heile landet
- Utvida opningstider på vaksinasjonsstadane
- Opplæring av fleire tusen nye frivillige som kan setje vaksinene
– Eg er redd vi står framfor ein naudsituasjon i kampen mot den nye virusvarianten, sa Johnson.
Viktig tredjedose
Han slår fast det som vitskapsfolk har sagt no i fleire veker at to vaksinedosar ikkje gir det tilstrekkelege vernet vi treng.
– Den gode nyheita er at forskarane er trygge på at ein tredje dose vil auke vernet vårt, sa statsministeren.
Omikron-varianten er langt meir smittsam enn dei tidlegare variantane av Covid-19, men det er førebels uvisst om den gir meir eller mindre alvorleg sjukdom.
Tal frå Sør-Afrika gir likevel grunn til ein forsiktig optimisme. Legar og forskarar som har analysert sjukehusdata som tydar på at omikron-varianten fører med seg eit mildare sjukdomsbilete.