Hopp til innhold

Statsministeren i Portugal går av

Statsministeren i Portugal, José Sócrates, går av etter at nasjonal­forsamlinga i ei avstemming onsdag sa nei til ein innstrammingspakke.

Jose Socrates

Opposisjonen i Portugal avviste mindretalsregjeringa sitt forslag til budsjettkutt for å unngå gjeldskrise. Statsminister Jose Socrates går onsdag av som følgje av nederlaget.

Foto: FRANCISCO LEONG / Afp

Socrates truga tysdag med å trekkja seg som statsminister dersom han ikkje fekk støtte til å vedta sparepakken frå opposisjonen.

Onsdag kveld opplyser presidenten i Portugal at Socrates har levert sin avskjed, som følgje av nederlaget i avstemminga.

Portugalslit med eit høgt underskot i statskassa. Drastiske manøvrar må til for å unngå at Portugal blir det tredje eurosone­landet som ber om milliardlån frå EU og IMF, etter Hellas og Irland.

Målet med Socrates sin sparepakke var å få budsjett­­­ underskotet ned frå 7 til 4,6 prosent i år.

PORTUGAL-CRISIS/

Den portugisiske nasjonalforsamlinga stemte i dag nei til den strenge spareplanen som regjeringa foreslo.

Foto: RAFAEL MARCHANTE / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt