MacCorkindale døydde i går etter ein fire og eit halvt års kamp mot kreften. Han døydde i armane til kona Susan George på eit sjukehus i London, seier familietalsmannen Max Clifford til Telegraph.co.uk.
Simon MacCorcindale vart internasjonalt kjend då han spelte i filmen «Death on the Nile» (Døden på Nilen) i 1978, basert på Agatha Christe-romanen med same namn. Før det hadde han spelt i fjernsynsserien «Eg, Claudius» i 1976 og «Jesus frå Nazareth» i 1977.
Dei siste åra har han vore mest kjend for rolla som dr. Harry Harper i den britiske fjernsynsserien «Casualty».
MacCorcindale flytta til USA i 1980, der han blant anna spelte i «Falcon Crest», men flytta tilbake til Storbritannia seks år seinare.
Kona Susan George, også ho skodespelar, har sendt ut denne fråsegna:
«Ingen kunne ha kjempa hardare mot kreften enn han har gjort sidan han fekk diagnosen for fire år sidan. Han kjempa med styrke, mot og tru. I går kveld tapte han kampen og døydde fredeleg i armane mine. For meg var han den beste i verda, og eg elska han av heile mitt hjarte. For meg vil han leve evig».