Hopp til innhold

SD-kritisk komikar teken av lufta

Komikaren Mikael Tornving måtte trekkje seg frå eit svensk humorprogram fordi han harsellerer med Sverigedemokraterna i ein film på YouTube.

Ellfte timme

Mikael Tornving (til høgre) gir rettleiing til svenske veljarar i programmet 'Ellfte timmen'. Programleiar Peter Settman fekk hjelp, men må klare seg utan Tornving i innspurten.

Foto: SVT

Mikaeal Tornving

Det er noko usvenskt med eit framandfiendtleg parti i Riksdagen, meiner Mikael Tornving. No er han fjerna frå SVT-programmet 'Ellfte timmen'.

Foto: SVT

Komikaren er eitt av dei tunge namna i satireprogrammet "Elfte timmen" som går på SVT før valet på søndag.

Han er no fjerna frå programmet fordi han har stilt opp i ein film som tek stilling til partiet Sverigedemokraterna.

– Usvenskt med SD i Riksdagen

I den omtalte filmen, som er laga av Folkbildungsförbundet, seier Tornving følgjande om Sverigedemokraterna.

«Dette med eit framandfiendtleg parti i Riksdagen, kjennest usvenskt.»

Alle "Ellfte timmen"-innslaga som Tornving skulle vere med i, er allereie spelte inn. No må dei byttast ut, seier redaktør for programmet Eva Landahl.

– Ein kan ikkje jobbe i våre valprogram og samtidig ta stilling mot eit parti, seier ho til Expressen.se.

Tornving godtek avgjerda og seier det er hans eigen feil.

– Min eigen feil

– Dette er ei uangripeleg avgjerd som SVT har gjort. Dei må vere heilt og fullt upartiske. Dette er min eigen feil. Eg tenkte ikkje på at eg samtidig arbeidde for i SVT, sjølv om det kan høyrest rart ut, seier Tornving.

At alle innslaga allereie var spelte inn då Tornving fekk spørsmål om å vere med i filmen om Sverigedemokraterna, meiner han sjølv kan vere årsaka til at han ikkje kopla riktig.

– Det var vel det som gjorde at eg ikkje tenkte meg om då dei spurte om eg ville vere med i filmen, seier han.

Les også: Sverigedemokraterna fosser fram

Les også: Sverigedemokrat mener innvandrere er født aggressive

Tornving avviser at han angrar på at han deltok i filmen.

– Nei, eg står framleis for denne oppfatninga. Det var klønete av meg å ikkje kople riktig. Hadde eg brukt litt meir tid på å tenke, hadde eg skjønt at det ikkje var bra å lage filmen samtidig som eg var med i SVT-programmet.

SISTE NYTT

Siste nytt