Russland har teke kontroll over tre ukrainske marinefartøy

Russiske spesialsoldatar har teke kontroll over tre ukrainske marinefartøy i Svartehavet, etter å ha skote på dei. Både Nato og EU åtvarer Russland, og FN har innkalla til krisemøte.

Situasjonen er spent i området omkring Krim. FOTO: Reuters

VIDEO: Situasjonen er spent mellom Ukraina og Russland etter at Russland sperra det tronge Kertsj-sundet. FOTO: Reuters

Den ukrainske marinen skuldar også russiske styrkar for å ha skote mot dei ukrainske marinefartøya like ved brua som går mellom Krim-halvøya og det russiske fastlandet.

Ukrainas president Petro Porosjenko seier søndag kveld at han kjem til å foreslå for parlamentet at dei bør erklære militær unntakstilstand etter angrepet på dei ukrainske fartøya, ifølgje Reuters.

FNs tryggingsråd har innkalla til krisemøte måndag kl. 11 etter at Russland skaut og tok kontroll over tre ukrainske fartøy i Svartehavet søndag. Det er Ukraina og Russland som har bede om møtet, opplyser kjelder til nyheitsbyrået AFP.

Russiske styresmakter skuldar dei ukrainske marinefartøy for ulovleg å ha teke seg inn i russisk farvatn. Søndag kveld stadfesta Russland at dei har teke kontroll over tre ukrainske marinefartøy. Dei seier at to ukrainske soldatar er såra, men at ingen av dei har livstruande skadar.

Opptrapping av konflikt

NRKs Moskva-korrespondent, Jan Espen Kruse, kallar det som har skjedd for dramatisk, og at det er ei kraftig opptrapping i konflikten mellom Russland og Ukraina.

– Ei slik opptrapping er det siste dei treng, i ein situasjon der forholdet mellom dei to landa er svært dårleg frå før. Eg reknar med at dette uroar politikarane både i Russland, Ukraina og i dei vestlege landa som støttar Ukraina, seier Kruse.

Både Nato og EU bekreftar søndag kveld at dei følgjer situasjonen nøye.

Nato ber Russland sikre uhindra tilgang til ukrainske hamnar i Azovhavet i samsvar med internasjonal lov. Det seier Natos talsperson Oana Lungescu i ein uttale.

EU har bede Russland om å opne Kertsj-sundet for normal trafikk igjen.

Brua mellom Russland og Krim.

Russland har bygd ei 19 km lang bru over Kertsj-sundet for å knytte Krim-halvøya tettare til Russland. Trafikken gjennom sundet er sperra av eit stort russisk tankskip.

Foto: Pavel Rebrov / Reuters

Ukrainsk krisemøte

I ei fråsegn frå den ukrainske marinen heiter det at tre marinefartøy vart trefte av den russiske skytinga. Eitt av fartøya miste straumen, og to frå besetninga om bord er såra.

Situasjonen på staden blir sagt å vere svært spent.

Ukrainas president Petro Porosjenko i har kalla inn til krisemøte med den politiske- og den militære leiinga, det såkalla krigskabinettet, som følgje av det som har skjedd.

Bråket starta då Russland stansa tre ukrainske marinefartøy, som prøvde å gå under brua mellom det russiske fastlandet og Krim-halvøya. Russarane sperra skipstrafikken ved å plassere eit stort tankskip på tvers under brua.

Den i alt 19 km lange brua vart bygd på rekordtid, berre to år, på ordre av president Vladimir Putin, etter at Russland i 2014 okkuperte og sidan annekterte Krim-halvøya frå Ukraina.

Ukrainske marinefartøy nær Krimhalvøya.

To ukrainske marinefartøy er i området ved Kertsj-sundet.

Foto: AP

De ukrainske fartøya, ein slepebåt og to marinefartøy, var på veg frå Odessa ved Svartehavet til Mariupol i Azov-havet. Dei var på veg gjennom Kertsj-sundet, som er den einaste passasjen inn i Azov-havet.

Fleire lasteskip er også hindra i å passere gjennom det tronge Kertsj-sundet.

Auka spenning

Det har den siste tida vore auka spenning mellom Ukraina og Russland. Folkerettsleg er Krim-halvøya ukrainsk territorium, men Russland gjekk til ei ulovleg annektering av halvøya.

I åra etterpå har Russland sett mykje inn på å forsterke kontrollen sin over området, blant anna ved å byggje brua over Kretsj-sundet.

Ein talsmann for det føderale russiske tryggingspolitiet FSB seier til russiske nyheitsbyrå at dei ukrainske skipa ikkje gjorde noko for å skifte kurs, trass i at området var stengt for all skipstrafikk.

Seint søndag stadfesta FSB at dei brukte våpen for å få dei ukrainske marinefartøya til å stanse.

– Dei har eit klart mål om å skape ein konfliktsituasjon i området, seier talsmannen. Han nemner ikkje noko om at russiske marinefartøy køyrde inn i den ukrainske taubåten, heller ikkje om at det vart losna skot.

SISTE NYTT

Siste nytt