For tre dagar sidan føreslo statsminister Geir Haarde å halde nytt val på Island 9. mai, to år før tida.
Etter lang tid med protestar mot regjeringa hadde han då bestemt seg for å ikkje søkje attval på landsmøte til det konservative Sjølvstendepartiet 26.-27. mars.
Les:
No har Haarde gjort det kjent at han og regjeringa går av allereie i dag.
Artikkelen held fram under videoen.
Haarde forklarer avgangen med presset som har oppstått etter at Island vart ramma av finanskrisa. Den siste veka har det vore daglege demonstrasjonar mot regjeringa.
Det har også vore usemje mellom Haarde sitt parti og koalisjonspartnaren Den sosialdemokratiske allianse.
- Eg orsakar verkeleg at vi ikkje kunne halde fram med denne koalisjonen. Eg meier det ville ha vore den beste løysinga, sa Haarde til pressefolk framfor nasjonalforsamlinga Alltinget i dag.
Då hadde leiaren for Den sosialdemokratiske allianse kravd at han gjekk av.
- Krev meir handlekraftig regjering
- Vi krev ei leiing som er meir handlekraftig, sa utanriksminister Ingibjörg Solrun Gisladottir som er leiar for sosialdemokratane til Islands Radio.
Ho meiner det må utnemnast ein ny statsminister dersom ho skal halde fram samarbeidet med det konservative Sjølvstendepartiet.
Gisladottir grev også at leiinga i den islandske sentralbanken vert skifta ut.
Haarde har fått mykje kritikk for at regjeringa ikkje greip inn og prøvde å hindre eller avgrense den økonomiske krisa tidlegare.
Sist veke kasta illsinte islendingar egg, stein og brannbomber under demonstrasjonar i Reykjavik.
Les:
Artikkelen held fram under bilete.
Leverer avskjedssøknad i dag
Haarde seier han kjem til å levere søknad om avskjed til president Olafur Ragnar Grimsson seinare i dag.
Ifølgje redaktør Bjørg Eva Erlandsdotter i den islandske nettavisa Smutthullet, kom ikkje avgjerda uventa.
- Det var vel ingen som trudde på at denne regjeringa ville klare seg fram mot våren. Det er ikkje demonstrasjonane som set ein sluttstrek no, det er sosialdemokratane, seier ho.