Hopp til innhold

Rakettåtak mellom Israel og Libanon

To rakettar vart skotne frå sør i Libanon og inn over Nord-Israel i ettermiddag.

Rakettåtak mellom Israel og Libanon
Foto: STR / REUTERS

Dei to katusjarakettane landa på nokre jorder nær den nordisraelske byen Nahariya, skriv den israelske avisa Haaretz.

Ingen vart skadde i åtaket.

Ifølgje AP kom rakettane frå landsbyen Qlaileh nær hamenbyen Tyr, sør i Libanon. Endå tre rakettar skal ha slått ned inne i Sør-Libanon.

Etter åtaket skaut israelarane minst åtte rakettar tilbake mot den sør-libanesiske landsbyen Qlaileh. Libanesiske tryggingskjelder hevdar 15 israelske rakettar landa inne i Sør-Libanon.

Det er så langt ikkje klart om nokon er skadde i åtaka.

Ifølgje nyhendebyrået AFP trefte rakettane ein fruktplantasje i Libanon.

Kort tid etter åtaka skjerpa FN-styrken i Libanon beredskapen i området.

Under Gaza-krigen i vinter vart det også skote rakettar mot Israel frå det sørlege Libanon.

SISTE NYTT

Siste nytt